Joost Klein (), kjend som Joost, er ein nederlandsk rappar, låtskrivar og tidlegare youtubar. Han er kjend i Nederland for låtar som «Scandinavian Boy», «Wachtmuziek» og «Friesenjung», i tillegg til albuma M van Marketing, Albino og 1983. Han er hovudsakleg hiphopartist, men brukar også ei rekkje andre sjangrar i musikken, som elektronisk musikk, , pop og poppunk. Joost er kjend for sine livlege framsyningar og turnerer regelmessig på konsertarenaar og musikkfestivalar med bandet sitt. Han representerte Nederland i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö i Sverige, men blei diskvalifisert på finaledagen etter ei hending med ei kamerakvinne frå produksjonen.

Liv og virke Bakgrunn Joost Klein blei fødd den 10. november 1997 i Leeuwarden i Nederland. Han vaks opp i den frisiske tettstaden . Han gjekk ved Stedelijk Gymnasium, men droppa etter kvart ut. Då han var 12 år gammal mista han faren til kreft. Eit år seinare, i 2011, døydde mora hans av hjarteattakk. Etter at han mista forelda blei Klein tatt vare av bror og syster si.

Karriere I 2008 starta han opp YouTube-kanalen under namnet EenhoornJoost, og heldt denne aktiv fram til 2016. Der publiserte han alt frå musikkvideoar, sketsjar og minidokumentarar.

Han gav ut sin fyrste singel, «Bitches», og blei signert på plateselskapet TopNotch i 2017 og 2018. Han oppretta deretter sitt eige plateselskap, Albino Records, og hausten 2017 gav han ut mikstapen «Scandinavian Boy», og våren 2018 kom singlane «Meeuw» og «Ome Robert». Same haust gav han ut albumet M van Marketing saman med rapparen Donnie.

Klein gav hausten 2018 ut diktboka Albino, etter oppfordring frå hans far. Sidan følgde albumet Albino, som han lanserte gjennom ein turné vinteren 2019 i tillegg til fleire musikkfestivalar same sommar. Tredjealbumet 1983 kom i november 2019 og er kalla opp etter fødeåret til storebroren. I april 2020 kom albumet Joost Klein 7, som inneheld sju songar i samarbeid med den kanadiske rapparen bbno$. Hans åttånde album kom september 2022 og heiter Fryslân, det frisiske namnet på heimprovinsen til Klein, Friesland.

I 2023 fekk Klein sin fyrste hit i Tyskland med singelen «Friesenjung» saman med den tyske rapperen Ski Aggu. Songen nådde fyrsteplass på . I desember same år kunngjorde den nederlandske kringkastaren at Klein skulle representere Nederland i Eurovision Song Contest 2024.

I Eurovision Song Contest deltok Klein i den andre semifinalen torsdag 9. mai, og tok seg vidare til finalen. På pressekonferansen etter semifinalen markerte Klein seg med å fleire gongar markere sin motstand mot Israel si deltaking i tevlinga. I etterkant av dette blei det klart at han ikkje ville få delta på kostymeprøvane før finalen, og heller ikkje på juryprøven, etter å ha blitt skulda for vald mot ein fotograf. EBU uttala i ei pressemelding at den «for tida undersøkjar ei hending rapportert til EBU som involverer den nederlandske artisten», i tillegg til at «han ikke kjem til å øve inntil vidare». Juryen måtte difor dømme framsyninga til Klein basert på eit opptak frå semifinalen, som blei vist på storskjerm i arenaen. På ettermiddagen den 11. mai, same dag som finalen, blei det klart at Klein hadde blitt diskvalifisert frå tevlinga. I følgje AVROTROS blei Klein filma av ein kvinneleg kameraoperatør mot sin vilje rett etter semifinaleframsyninga hans. Kameraoperatøren hevda at Klein hadde reagert på filminga ved å gjere ei «trugande rørsle» mot ho medan ho heldt kameraet. Detaljane rundt krangelen var uklare, men det svenske politiet sa at dei ville undersøkje om det blei framsett kriminelle trugslar, ikkje om eit overfall hadde skjedd. Klein nekta for einkvar misferd gjennom sin advokat. EBU presiserte i ei fråsegn at vedtalet om å diskvalifisere Klein «ikkje involverte nokon annan artist eller delegasjonsmedlem». AVROTROS uttala seinare at diskvalifikasjonen var «veldig tung og uhøvesvis». Den 12. august 2024 kunngjorde den svenske påtalemakta at saka mot Klein var lagt bort fordi det ikkje kunne bevisast at handlinga «har vore eigna til å framkalle alvorleg frykt eller at mannen har hatt noko slikt føremål».

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Joost Klein» frå , den 18. desember 2024.

Denne artikkelen bygger på «Joost Klein» frå , den 18. desember 2024.

Kategori:Nederlandske musikarar Kategori:Nederlandske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Nederlandske Eurovision Song Contest-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2024-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2024-låtskrivarar