Thea Glenton Raknes () er ein norsk artist og låtskrivar. Ho var medlem av bandet Norma Sass før ho byrja som soloartist under namnet Thea & The Wild.
Raknes budde sine fyrste år i Risør. Ho gjekk på Grünerløkka barneskule, Hersleb ungdomsskule og Foss vidaregåande. Ho har ein bachelor i kultur og kommunikasjon frå Universitetet i Oslo.
Etter at musikkgruppa Norma Sass vart oppløyst i september 2011, yrkja Raknes vidare med eige material, og slapp debutalbumet sitt Strangers and Lovers den 28. august 2014 under namnet Thea & The Wild. For albumet vart ho nominert til Spellemannprisen 2014 i klassa indie. Sjangermessig er ho innanfor alternativ popmusikk med ein litt mørk, melankolsk drakt. Ho slapp sitt andre album, Ikaros, i februar 2018.
Diskografi Med Norma Sass
A Dance of Victory The Morning After, EP (2009) «Robbery», singel (2010) Hunting for Treasures, album (2011)
Thea & The Wild Singlar
«Cry sometimes» (2013) «Hots For You» (2013) «Ropes» (2014) «Paved the Way» (2017) «City of Gold» (2017) «Dark Horse» (2017) «Mourning Song» (2017) «When a Kiss Becomes a Habit» (2018) «Little Sister» (2022) «Poisoned Apple» (2022) «Rip Tide» (2022) «Listening to men talking» (2024)
EP-ar Digging Out Vol. One (2023)
Album Strangers and Lovers (2014) Ikaros (2018) Deadheading (2022) Spiller Lillebjørn Nilsen (2024)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Thea Glenton Raknes» frå , den 13. desember 2024.
Kategori:Norske songarar Kategori:Folk frå Arendal