«Liar» (norsk omsetjing ‘løgnar’) er ein song frå 2024 av den australske artisten . Songen blei gjeven ut 29. februar 2024 og var det kypriotiske bidraget i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö.

Om songen «Liar» er komponert av Dimitris Kontopoulos og Elke Tiel. Kapsis uttalte at «Liar» var retta mot menneske som lever «falske liv», og kritiserte dei for å presse «body shaming [og] sexualliti)». Kapsis, som vidare uttalte at songen fokuserer på effekten sosiale medium har på unge kvinner, proklamerte at songen blei laga for å overtyde folk om å forlate ei «fasade av falskleik».

«Liar» blei internt vald av den kypriotiske kringkastaren (RIK) til å representere Kypros i Eurovision Song Contest 2024. I september 2023 kunngjorde RIK at han hadde vald den australske songaren Silia Kapsis til å representere landet. Låten «Liar» ble offentliggjort 29. februar 2024, og en musikkvideo til låten ble sloppen same dagen.

Opphavleg skulle songen bli send til Russland for den russiske nasjonale finalen til Eurovision Song Contest 2022, men landet blei kasta ut av EBU etter invasjonen av Ukraina. I 2023 blei låten spelt inn som ein demo av den greske artisten , som deltok i den lukka nasjonale utveljinga til Hellas for 2023-tevlinga. Songen kvalifiserte seg til andre fase av utveljinga, der han fekk fyrsteplassen av publikumskomiteen med 693 poeng, men berre tredjeplass frå den kunstnariske komiteen med 440 poeng, og enda på andreplass samanlagt med 1 133 poeng, bak songen «What They Say» av Victor Vernicos.

Kypros deltok i den fyrste semifinalen tysdag 9. mai i Malmö, og var det fyrste bidraget på scena den kvelden. Der blei «Liar» nummer seks og kvalifiserte seg til finalen laurdag 11. mai. I finalen fekk Kypros 78 poeng og enda på 15. plass.

Listeplasseringar + Chart performance for "Liar" Liste (2024) Høgasteplassering Hellas Internasjonal (IFPI) 17 Litauen (AGATA) 25 Sverige Heatseeker (Sverigetopplistan) 6 UK Singles Sales (OCC) 37

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Liar (Silia Kapsis-sang)» frå , den 12. desember 2024.

Kategori:Kypriotiske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2024-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar