«No Rules!» (norsk omsetjing ‘ingen reglar!’) er en finsk låt frå 2024 med . Songen vann den finske songtevlinga i februar 2024 og var det finske bidraget til Eurovision Song Contest 2024 i Malmö i Sverige.

Om songen «No Rules!» er skriven av , Jussi Roine og , kjend som karakteren Windows95man. I intervju har Keisteri uttalt at songen sprer eit bodskap som tek til orde for å «ikkje ta alt så seriøst», med ei hensikt om at Keisteri skal vere så avslappa som mogleg medan han framfører songen. I tillegg refererar songtittelen til Keisteri sin mantra som han har brukt gjennom heile livet. Keisteri har også uttalt eit ønske om å få fram det finske folket sin natur av å vere « djupt inne i seg».

Uuden Musiikin Kilpailu og Eurovision Song Contest

«No Rules!» blei plukka ut som eit av sju bidrag til å delta i Uuden Musiikin Kilpailu 2024, den finske uttakinga til Eurovision Song Contest.

I finalen laurdag 25. februar kom «No Rules!» på sisteplass hos juryen, men vann telefonavrøystinga med god margin. Songen fekk samla 313 poeng – 40 poeng meir enn andreplassen «» av . Med sigeren blei «No Rules!» det finske bidraget til Eurovision Song Contest.

Finland deltok i den fyrste semifinalen tysdag 7. mai. Der enda «No Rules!» på sjuandeplass og kvalifiserte seg til finalen laurdag 11. mai. I finalen enda låten på 19. plass med 38 poeng.

Listeplasseringar + Liste (2024) Høgasteplassering Litauen (AGATA) 35 Sverige (Sverigetopplistan) 82 UK Singles Sales (OCC) 50

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «No Rules!» frå , den 3. november 2024.

Kategori:Finske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2024-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar