Altena er ein by og ein kommune i sentrale delar av forbundslandet Nordrhein-Westfalen i Tyskland, ei 35–40 kilometer aust for Wuppertal. Kommunen, som høyrer til Märkischer Kreis, har i kring 16 000 ibuarar og omfattar 44,4 km². Elva Lenne renn gjennom kommunen.
Verdas fyrste ungdomsherberge vart opna i Altena i 1911.Heinrich Ulrich Seidel, Agnes Zelck: Über Stock und Stein – 100 Jahre Jugendherbergen. Lüdenscheid 2009, S. 29.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Altena» frå , den 9. desember 2024.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Nordrhein-Westfalen