«Always on the Run» (norsk omsetjing ‘alltid på rømmen’) er ein song frå 2024 av den tyske artisten Isaak. Songen vann Eurovision Song Contest – Das deutsche Finale 2024 og var det tyske bidraget i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö i Sverige.

Om songen «Always on the Run» er skriven og komponert av Isaak Guderian, Kevin Lehr, Leo Jupiter og Greg Taro.

«Always on the Run» var eit av ni bidrag som deltok i den tyske songtevlinga Eurovision Song Contest – Das deutsche Finale 2024, arrangert av kringkastaren ARD i samarbeid med (NDR). Songen vann finalen 16. februar 2024, etter å ha fått flest poeng frå juryane og sjåarane. Som vinnar av den tyske songtevlinga blei «Always on the Run» det tyske bidraget til Eurovision Song Contest 2024 i Malmö. Som eit av «dei fem store landa» var Tyskland direktekvalifisert til finalen laurdag 11. mai. I finalen enda han på 12. plass med 117 poeng.

Listeplasseringar + Liste (2024) Høgasteplassering Hellas Internasjoal (IFPI) 47 Litauen (AGATA) 21 Nederland (Single Tip) 29 UK Singles Sales (OCC) 57 Sverige Heatseeker (Sverigetopplistan) 4Tyskland (Deutsche offizielle Charts) 15

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Always on the Run» frå , den 3. november 2024.

Kategori:Tyske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2024-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Songar frå 2024