«Pedestal» (norsk omsetjing 'pidestall') er ein song av den tsjekkiske songaren , gjeven ut 22. september 2023. Songen har ho skrive saman med Steven Ansell. «Pedestal» vann den tsjekkiske songtevlinga ESCZ 2024 og var det tsjekkiske bidraget til Eurovision Song Contest 2024.

Om songen Teksten til «Pedestal» handlar om kjærleik til seg sjølv og er ei hymne for tida etter eit brot. Han legg vekt på «viktigheita av avgjerdssamheita til å prioritere sjølvstende. Det framhevar viktigheita av å setje seg sjølv fyrst i møtet med motgang og giftige relasjonar».

Songen omhandlar dei negative kjenslene og hendingane som oppstår når eit forhold nærmar seg slutten. I ein artikkel i tidsskriftet Distorted Sound sa den tsjekkiske songaren: «Til slutt fell alt på plass, og du innser at det er på tide å setje deg sjølv først og å prioritere deg sjølv. Det er ein prosess, og det kan ta litt tid før man lærer å vere snill mot seg sjølv».

Eurovision Song Contest ESCZ 2024 var den nasjonale finalen organisert av kringkastaren (ČT) for å velje det tsjekkiske bidraget til Eurovision Song Contest 2024. Låten var eit av sju bidrag som deltok i tevlinga 4. desember 2023.

I avrøystinga fekk «Pedestal» totalt 23 898 røyster og vann med ein margin på 11 022 røyster. Med sigeren blei «Pedestal» det tsjekkiske bidraget for Eurovision Song Contest 2024.

«Pedestal» deltok i den andre semifinalen torsdag 9. mai 2024. Der enda han på 11.-plass av 16 bidrag og kvalifiserte seg ikkje til finalen laurdag 11. mai.

Listeplasseringar + Liste (2024) Høgasteplassering (AGATA) 49

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Pedestal (Aiko-sang)» frå , den 3. november 2024.

Kategori:Tsjekkiske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2024-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Songar frå 2023