Thor Erik Svendsen Høiskar () er ein norsk jurist og statsadvokat. Han har tidlegare arbeidd som konsernadvokat i DNB og lagdommar i Hålogaland lagmannsrett. I ungdomsåra spelte han i Hjertesvikt A/S, som var det første pønkbandet frå Bodø.

Høiskar har vore aktor i fleire store straffesaker. I 2024 var han aktor i Omegle-saka som involverte 250 fornærma, der 189 vart identifiserte. Saka blir omtalt som ei av dei største overgrepssakene i noregshistoria. Han har også prosedert ei rekkje saker for Noregs Høgsterett.Lovdata, bl.a. HR-2016-2261-A, HR-2015-348-A & HR-2016-739-A. Besøkt 14. november 2024.

Bakgrunn Høiskar er fødd og oppvaksen i Bodø og har to barn. Han avla juridisk embetseksamen (cand.jur.) ved Universitetet i Oslo i 1994, og byrja karrieren som advokatfullmektig i DNB før han vart dommarfullmektig i Vesterålen tingrett. Frå 2001 til 2003 var han direksjonssekretær i DNB, og deretter advokat i Nordlandsbanken, fram til han i 2013 vart utnemnd til statsadvokat ved Nordland statsadvokatembete av Kongen i statsråd.

Utvalde saker

Nest største narkotikasaka i Nord-Noreg I 2019 tok statsadvokat Høiskar ut tiltale mot 9 personar i det som var den største narkotikasaka i Nordland og den nest største i Nord-Noreg. Tiltalen omfatta eit narkotikanettverk der dei 9 tiltalte hadde ansvar for ulike delar av verksemda, som omfatta import, distribusjon, finansiering og vidaresal av amfetamin og hasj med utgangspunkt i Lofoten. Det vart gjort beslag på omkring 7,5 kilo hasj og 14 kilo amfetamin, noko som utgjorde det største amfetaminbeslaget i Nordlands historie. Nettverket forsynte fleire kommunar i Nordland med narkotika.

Saka gjekk for Salten tingrett i februar 2020, og det vart sett av lang tid til behandlinga, då ei stor mengd bevis skulle leggjast fram. I retten uttalte Høiskar: «Dette er ikkje ei komplisert sak, men det er litt som å sjå på Detektimen - du skjønner ikkje kvifor denne detaljen er viktig før du kjem på eit seinare tidspunkt i saka».

Det store omfanget i saka medførte at det var svært folksamt i rettssalen under behandlinga. Det var ni tiltalte, ni forsvararar, fire dommarar og meddommarar, og dessutan tre frå aktoratet. I tillegg var det fleire tolkar til stades, og dessutan vaktstyrken til politiet som bestod av «ei viss mengd folk», slik ein politibetjent beskreiv det.

Alle dei ni tiltalte vart dømde til fengelsstraff (nokon fekk fengsel på vilkår) av varierande lengd, med ei samla straff på nærare 50 års fengsel. Importøren (hovudmannen) fekk den strengaste straffa og vart dømt til over 10 års fengsel for rolla si i nettverket.

Narkotika-saka mot Øystein Meier Johannessen I 2021 førte Høiskar ei narkotikasak for lagmannsretten mot grunnleggjaren av Samfunnspartiet og politikar Øystein Meier Johannessen, etter at politiet våren 2020 fann sopp, amfetamin, MDMA og LSD heime hos han. Behandlinga av saka gjekk føre seg i Hålogaland lagmannsrett, og advokat John Christian Elden var forsvarar for Johannessen. Saka var av prinsipiell betydning då Johannessen, som medlem av trussamfunnet «Noregs Psykedeliske Tros-og Livssynssamfunn», meinte at han kunne bruka narkotika lovleg så lenge det var som ein del av religionsutøvinga si.

Ifølgje Johnnessen brukte medlemmene av trussamfunnet psykedeliske stoff som sakrament, mellom anna for å bli «meir empatiske og betre menneske». Spørsmålet om kor langt religionsfridommen strekkjer seg vart dermed sett på spissen i saka.

I lagmannsretten vart Johannessen dømt til 60 dagars fengsel på vilkår, med ei prøvetid på to år, i tråd med Høiskars påstand. Elden anka dommen til Høgsterett, som avviste saka. Saka vart deretter klaga inn til Strasbourg og Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD), som i 2022 vedtok at han ikkje ville behandla ho.

Omegle-saka I 2023 vart ei av dei største overgrepssakene i noregshistoria avdekt via ei Vipps-overføring. Overgrepa skjedde på nettstaden Omegle, der ein mann i 50-åra fekk barna til å utføra seksuelle handlingar mot seg sjølv og andre medan overgriparen filma.

Det vaer over 250 fornærma i saka, og 189 vart identifiserte. Dei fornærma var frå heile landet og ifølgje politiet mellom 6 og 14 år. Høiskar tok ut tiltale mot mannen, ein tidlegare skuletilsett, i mars 2024. Det mest alvorlege tiltalepunktet hadde ei strafferamme på 21 år i fengsel. Saka gjekk for Salten og Lofoten tingrett i juni 2024 og Høiskar la ned påstand om 20 års forvaring med ei minstetid på 13 år.

Fem månader etter rettssaka hadde det framleis ikkje komme dom i saka. Årsaka var at partane måtte møtast i retten på nytt fordi det oppstod eit juridisk spørsmål om det er straffbart å medverka til at to barn utfører seksuelle handlingar mot kvarandre. Forsvararen til den tiltalte, Sol Elden, hevda at forholdet ikkje var straffbart. Høiskar, på vegner av påtalemakta, motsette seg dette og viste til Høgsteretts praksis i andre saker.

29. november 2024 vart det kjent at mannen vert dømd til 20 års fengsel for 215 seksuelle overgrep og krenkjande åtferd mot barn. Han vart òg dømd for fleire tilfelle av medverknad. I tillegg vart han dømd til å betale 28 millionar kroner i oppreisingserstatning.

Omegle vart lagt ned i november 2023 etter stor kritikk mot chattetenesta.

Musikk I 1980-åra var Høiskar medlem av bandane Hjertesvikt A/S og Ny Gate, der han mellom anna spelte saman med Petter Pogo, som seinare vann Spellemannprisen med Jokke & Valentinerne i 1991. I 1982 drog han på noregsturné med Hjertesvikt A/S, og opptredde på kjende scener som Club 7 og Afrika i Oslo. På Afrika-konserten hadde Raga Rockers debuten sin som oppvarmingsband for Hjertesvikt A/S.

Han var med på TV-opptredenar med både Hjertesvikt A/S og Ny Gate. I 1983 framførte han to låtar med Hjertesvikt A/S i programposten «Musikk Landet Rundt» i programmet  Flimra på NRK, og i 1985 vart musikkvideoen «Blå Korridor» med Ny Gate sendt på programserien Nordnorsk rock på bordet på NRK, med Erik Meyn som programleiar. TV-opptredenane bidrog til å gi dei eit publikum på landsbasis.

Diskografi

Hjertesvikt A/S

Splitt 7"EP (1999)

Ny Gate

Demo (1984) Blå korridor (1984) Ny Gate (1986)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Thor Erik Høiskar» frå , den 23. november 2024.

Kategori:Norske juristar