Alf Ivar Eriksen () er ein tidlegare skeiserennar og brannmann frå Hamar. Han vann sølvmedaljen på 1500 meter under dei olympiske vinterleikane 1968 i Grenoble. To år seinare vart han fjerdemann i den fyrste verdsmeisterskapen i sprint. Eriksen deltok i internasjonale idrett frå 1961 til 1974.
Aktiv 28. februar 1963 sette Eriksen verdsrekord på 3 000 meter ved eit stemne på Bislett stadion i Oslo. Tida 4.33,0 vart berre ståande i 23 døgn. I Vinter-OL 1964 i Innsbruck kom han på sjetteplass på 1500 meter. Året etter fekk han delta i Skeise-EM 1965 i Göteborg der han kom på 12. plass, hans einaste internasjonale firkamp. Etter eit par svakare sesongar, kom Eriksen tilbake og kneip sølvmedaljen på 1500 meter under Vinter-OL 1968 i Grenoble. Nokre veker seinare fekk han notert 1.20,5 på 1000 meter i vesttyske Inzell, ny verdsrekord på distansen. 1969-sesongen forbetra han verdsrekorden på 1000 m to gongar på same bana. 1. mars 1969 kom han i mål på tida 1.19,5, den fyrste som kom under 1.20. Ved den fyrste verdsmeisterskapen i sprint-firkamp, i 1970 i West Allis i USA, enda han på fjerdeplassen. På nyåret i 1971 i Davos flytta han verdsrekorden på 1000 meter til 1.19,2. Ard Schenk sletta rekorden før sesongen var over. I sprint-VM 1971 i Inzell vart Eriksen femtemann.
Eriksen kom ikkje med til Vinter-OL 1972. Hausten 1972 fekk han plass i den profesjonelle ISSL-turneringa. Hans beste resultat som ISSL-løpar var ein andreplass ved sprint-europameisterskapen i 1974.
Eriksen var aktiv i Hamar Idrettslag og sidan Arbeidernes Skøyteklubb. Etter 1972-sesongen melde han seg inn i organisasjonen ISSL og deltok i stemne arrangert av denne.
Personbeste Distanse Tid Dato Stad Bane 500 m 39,1 15. januar 1971 Davos Eisstadion 1 000 m 1.19,2 15. januar 1971 Davos Eisstadion 1 500 m 2.04,0 29. januar 1969 Cortina d'Ampezzo Pista Fiames 3 000 m 4.30,9 28. januar 1969 Cortina d'Ampezzo Pista Fiames 5 000 m 7.55,6 11. desember 1966 Oslo Valle Hovin stadion 10 000 m 16.33,4 10. februar 1963 Oslo Bislett stadion
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ivar Eriksen» frå , den 16. november 2024.
Kategori:Norske skeiseløparar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1964 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1964 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1968 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1968 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1968 Kategori:Folk frå Hamar