Flisnesholmen eller Flisholmen er ei øy i Ålesund kommune mellom Sula og Uksenøya. Ho er veglaus og utan fast busetjing.
Holmen vart busett på slutten av 1600-talet. Frå 1770- til 1840-talet var det handelsstad og gjestgjevarstad her. Ved folketeljinga i 1801 budde det seks personar på holmen.Folketeljing 1801 for Borgund prestegjeld, frå Digitalarkivet Frå 1840-talet var Flisnesholmen utan fast busetjing i eit halvt århundres tid. På slutten av 1800-talet var holmen igjen busett i eit par tiår, men vart igjen fråflytta heilt på starten av 1900-talet.
Kjelder
Ragnar Øvrelid, Borgund og Giske, band II, Borgund og Giske Bygdeboknemnd
Kategori:Øyar i Ålesund