Svartemyr-Nordeide-Måren-Ortnevik var eit ferjesamband mellom Svartemyr, Nordeide, Måren og Ortnevik i Høyanger kommune. Sambandet vart til i 1982 som eit framhald av gamle Svartemyr-Nordeide, og fekk stoppa på Måren og Ortnevik frå sambandet Kongsnes-Nordeide som vart lagd ned same år.

I 1992 vart Svartemyr sløyfa frå sambandet då vestre delen av Høyanger sørside hadde fått veg til den nyopprusta Oppedal ferjekai i Ytre Oppedal og stamvegsambandet Lavik-Oppedal, trass i at dette gav lengre reiseveg for innbyggjarane til kommunesenteret Høyanger.

Våren 2000 vart sambandet slegen saman med båtruta mellom Ortnevik og Vik til det nye bilførande båtsambandet Nordeide-Måren-Ortnevik(-Vik), og med dette var tida som eit ordinært ferjesamband over.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Kristin Ese: «Sørsidevegen i Høyanger» på nettstaden til Fylkesarkivet i Vestland Kristin Ese: «Balestrand-Kongsnes med ferje til Nordeide» på nettstaden til Fylkesarkivet i Vestland Kristin Ese: «Høyangertunnelen - Nord-Europas lengste vegtunnel i 1982» på nettstaden til Fylkesarkivet i Vestland

Kategori:Tidlegare ferjesamband i Vestland Kategori:Samferdsle i Høyanger Kategori:Samferdsle i Sogndal Kategori:Skipingar i 1982 Kategori:Nedleggingar i 2000