Mamadi Doumbouya () er ein guineansk militær offiser som har vore fungerande president i Guinea sidan 1. oktober 2021. Doumbouya stod i spissen for eit statskupp 5. september 2021 der president Alpha Condé blei avsett og arrestert. Han tilhøyrer spesialstyrkane i Guinea og er tidlegare fransk legionær. Etter statskuppet kunngjorde Doumbouya i statlege media at regjeringa var oppløyst. Den 1. oktober blei han tatt i eid som fungerande president.
Biografi Doumbouya blei fødd i Kankan aust i Guinea. Han var korporal i den franske framandlegionen før han kom tilbake til Guinea og blei leiar for spesialstyrkane i landet, ei eliteavdeling som blei starta av dåverande president Condé. Etter kvart steig han i gradene og blei oberst i 2020.
Statskuppet i 2021 Doumbouya var hovudpersonen bak statskuppet i september 2021 der den guineanske presidenten Alpha Condé blei avsett. Han stod etter kuppet fram på statleg TV og kunngjorde at hans gruppe hadde sett til side regjeringa og grunnlova. For å rettferdiggjere kuppet siterte han den tidlegare ghanesiske presidenten Jerry Rawlings som hadde uttalt at: «Om folket blir halde nede av sin elite, så er det dei militære si oppgåve å gje folket sin fridom.»
Den 1. oktober 2021 blei Doumbouya tatt i eid som fungerande president i Mohammed V-palasset i Conakry. Han la fram planar om å «atterreise staten» og gjennomføre «frie, pålitelege og gjennomsiktige» val. Han lova også å respektere nasjonale og internasjonale avtalar som landet hadde inngått.
Familie Doumbouya er gift med som tenestegjer i det franske . Paret har fire barn.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mamady Doumbouya» frå , den 9. oktober 2024.
Kategori:Guineanske presidentar Kategori:Guineanske militære