mini|Fana til mållaget Heimhug Heimhug var mållaget ved Tromsø Seminarium.

Heimhug blei skipa av Olav Eide (Nordfjord), Nils Hyllestad (Sogn) og Johan Rydningen (Målselv) den 17. april 1898."Mållaget Heimhug, Troms lærarskule. Festskrift utgjeve av laget til 25 årshøgtida". Skriftstyrar: Arthur Brox. Troms, Nordlys Prenteverk, 1923.

Historie

1898-1935: Aktive år Mållaget Heimhug vart skipa ved lærarskolen i Tromsø i 1898, som eit av dei aller første studentmållaga.Grepstad, Jon. (13. mars 2012). Mållaget Heimhug. I Allkunne.Norsk Målungdom. Målungdomssoga. Lese den 31. mars 2019. Dei gav mellom anna ut bladet Lauvsprett. Laget var svært aktivt og gav ut eit eige 25-årsskrift i 1923.Mållaget "Heimhug" : Troms lærarskule : festskrift utgjeve av laget til 25 årshøgtida, Tromsø 1923

Skipinga av laget skapte strid, med motstand frå bondestudentane, men mindre motbør mellom bystudentane. Styrar Just Qvigstad var positiv innstilt til det nye mållaget. Isak Saba var student ved Seminariet då, og skreiv i bladet Lauvsprett, om at målreisinga var sentral i arbeidet med å få eit sjølvstendig Noreg.

Etter lovene skulle laget ha møte annakvar søndag, noko dei også hadde dei første tiåra. Som følgje av striden kring sidemålsstilen i 1907 vart Lauvsprett frå og med det året gjeve ut som trykt avis, fram til 1914, då ho gjekk inn som trykt avis, men heldt fram som handskriven avis.

Det var menn som var foredragshaldarar dei første tiåra, men dei hadde også føredragstitlar som Kvinna og samfunnet, Om damekulturen Kvinna og målet? Kva skal ein sjå på når ein vel seg ein make? Um truloving. Jentene var også med som medlemmer. Andre tema for møta var pedagogiske og religiøse emne, og også meir allmenne tema som Sedar og skikker hjå Sudan-negrane, skal vi gjere noko for å hindre fråfluttinga frå bygdene våre?

Heimhug var ein viktig kulturpolitisk institusjon, ikkje berre på lærarskolen, men i heile Tromsø.

Heimhug kjende seg langt frå resten av målrørsla, reint geografisk, men kompenserte for dette med å sende festtelegram sørover, og på den måten helse andre delar av målrørsla.

Tromsø lærarskole låg nede i 1929-30, men i åra 1930-35 var Heimhug igjen i verksemd. I 1935 var det berre ein klasse ved lærarskolen, og året etter ingen. Det kom ikkje liv att i Heimhug etter 1935.Vidkunn Eidnes: «Mållaget Heimhug», side 65-67, i: Tromsø off. lærerskole. Jubileumsskrift, Tromsø, 1952

Formenn og medlemstal I femårsbolken 1899-1903 var bl.a. desse formenn:

Gabriel Slettvold Johan Hveding Ingvald Vestre Johan Sæternes

Medlemstalet i desse åra var 40 (1898), 54 (1899), 60 (1900), 61 (1901), 63 (1902).

I femårsbolken 1903-1908 var desse formenn (formannen sat 2 månader av gongen, men kunne bli attvald):

Martin Aven Andr. Voldstad Andor Rydning Hans Eltoft Berta Nodland Jul. Høy Bernt Ottesen Anton Skolte Otto Solheim Marianne Grønlie Ingvald Olsrud Ivar Strompdal Aksel Rønning

Medlemstalet i desse åra var 49 (1904), 37 (1905), 41 (1906), 45 (1907), 38 (1908).

I femårsbolken 1908-1913 var desse formenn (lagslova blei endra 30. april 1910 slik at formannen sat i 6 månader):

Harald Horsberg, LekaArne Espeland: Norske skulefolk, 1934, side 597 Alfred Nordbustad, NesnaArne Espeland: Norske skulefolk, 1934, side 914 Daniel Vikin, JølsterArne Espeland: Norske skulefolk, 1934, side 1318 Johan Eidem, SykkylvenArne Espeland: Norske skulefolk, 1952, side 359 Antonius Nordeng, BleikArne Espeland: Norske skulefolk, 1934, side 916 Johannes Eidnes (varaformann) Daniel Johan Eilertsen, lærar i GildeskålSkolebladet (Oslo), årgang 26, nr 4, 27. januar 1923

Medlemstalet i desse åra var 38 (1909), 48 (1910), 56 (1911), 84 (1912), 77 (1913).

I femårsbolken 1913-1918 var desse formenn (2. mars 1918 blei lagslova endra slik at formannen sat i eitt år):

Johannes Eidnes, BjarkøyArne Espeland: Norske skulefolk, 1952, side 360 Hans Sund Martin Hemmingsen (d.1931)Aftenposten, torsdag 23. juli 1931Sydvaranger, torsdag 23. juli 1931Den 17de mai, torsdag 30. juli 1931 Birger Balteskard, BalteskardArne Espeland: Norske skolefolk, 1934, side 153 Hans Nikolaisen, Tovik, lærar i Karlsøy 1918-Norsk skoletidende. nr 39, 28. september 1918 Magnus Nilssen, BjørnskinnArne Espeland: Norske skulefolk, 1934, side 908

Medlemstalet i desse åra var 52 (1914), 44 (1915), 62 (1916), 60(1917), 67 (1918).

I femårsbolken 1918-1923 var desse formenn:

Kristian Svenning, lærar i NarvikFremover, lørdag 11. september 1999 Erling Halmøy, SkutvikArne Espeland: Norske skulefolk, 1952, side 527 Georg Ellingsen, HamarøyArne Espeland: Norske skulefolk, 1952, side 376 Arthur Brox, TromsøysundArne Espeland: Norske skulefolk, 1934, side 239

Medlemstalet i desse åra var 80 (1919), 78 (1920), 114 (1921), 99 (1922), 105 (1923).

1946-1960: Oppattskiping og jubileum 16. november 1946 vart Heimhug nyskipa,Norsk Tidend, torsdag 6. februar 1947: «Mållaget ‘Heimhug’»Nordlys, onsdag 10. november 1948: «Nord-Norges eldste mållag er 50 år» og laget var i verksemd til 1960.Siste årsmelding blei sendt til Noregs Mållag for året 1960. Eit forsøk på oppattskiping i 1961, mislukkast. Kjelde: Årsmeldingar i arkivet til Noregs Mållag.

Laget feira 50-årsjubileet sitt i 1948 og gav ut eit 50-årsskrift.Tromsø, onsdag 10. november 1948: Åremålsdag

I oktober 1956 arrangerte mållaget Heimhug saman med Tromsø mållag eit debattmøte om «Spåksituasjonen i Noreg i dag», med formannen i Noregs Mållag, Ivar Eskeland, som innleiar.Nordlys, fredag 5. oktober 1956 I februar 1957 heldt Arthur Brox foredrag i mållaget om «Hans Nielsen Hauge og Nord-Noreg».Tromsø, torsdag 28. februar 1957

Leiarar i desse åra var bl.a. Arnvid Nordeide (1947)Årsskrift (Romsdal sogelag). 2023 Vol. 87: "Skulehistorie frå Osen", om bl.a. Arnvid Nordeide Bjørnar Østgård (1953)Tromsø, fredag 20. mars 1953 Helge Stangnes (1957)Årsmelding for Troms fylkesmållag 1957, NM-arkivet; Riksarkivet Øivind Sæterhaug (1958, 1960)Årsmelding 1958 og Årsmelding 1960, NM-arkivet; Riksarkivet

1979-1980: Nytt liv i laget Hausten 1978 vart Heimhug på nytt skipa opp att,Sjå Nordlys, tysdag 19. september 1978 men det ser ut til at laget berre var i verksemd eit par år.Siste livsteikn i aviser er i Nordlys, onsdag 20. februar 1980 Medlemmane gjekk etter kvart inn i Tromsø Målungdom og Studentmållaget i Tromsø.

Referansar

Kjelder

Lockertsen, Roger 1984: Målreising i Nord-Noreg 1898-1940 : organisering av målstriden og striden for skolemålet. (289 s.). Hovudoppgåve - Universitetet i Tromsø. Bull, Tove og Kjellaug Jetne 1982: Nordnorsk. Oslo: Det norske samlaget. Mållaget Heimhug, Troms lærarskule. Festskrift utgjeve av laget til 25 årshøgtida. Skriftstyrar: Arthur Brox. Troms, Nordlys Prenteverk, 1923.

Kategori:Noregs Mållag Kategori:Skipingar i 1898 Kategori:Nordnorske mållag Kategori:Tromsø kommune Kategori:Nynorsk i Nord-Noreg