mini|Andeskrona Krona til vår frue av oppstandinga av Popayán, kjend som Andeskrona (spansk og ), er ei votiv-krone laga til ein stor statue av jomfru Maria i domkyrkja i Popayán i Colombia. Dei eldste delane av krona er eplet og krossen på toppen, som er datert til 1500-talet. Diademet blei laga rundt 1660, og bogane blei lagt til rundt 1770. Krona er pryda med 450 smaragdar. Den største av desse er «Atahualpa-smaragden»; som kan ha tilhøyrd inkaherskaren Atahualpa (1497-1533) og teken frå han då han blei fanga i 1532 av den spansk conquistadoren Francisco Pizarro. I 1936 blei krona selt av dei dåverande eigarane til ein amerikansk forretningsmann, og er blitt verande i USA sidan. Frå desember 2015 har krona vore del av samlinga til Metropolitan Museum of Art i New York.Metropolitan Museum of Art website
Skildring Krona er 34 centimeter høg med ein diameter på 33,4 centimeter, og veg 2,17 kilogram. Ho er laga av 18-22 karat gull som er dekorert med siselering. Det er 450 smaragdar på krona: den største er ein rektangulær stein som måler 15,8 millimeter på tvers og 16,14 millimeter på langs.
Historie mini|Replika av Nuestra Señora de la Asunción de Popayán.
Det finst fleire historier om tillaginga og opphavet til Andeskrona. Den tradisjonelle oppfattinga er at ho blei laga på 1590-talet i takksemd for at Popayán var blitt spart for eit utbrot av kopar som plaga regionen elles. Nokre av smaragdane på krona skal ha blitt tekne frå inkaen Atahualpa. Men Christopher Hartop, ein smykkeekspert som granska krona i høve eit mogleg tilrådd sal ved Christie's i New York i 1995, meinte krona var eit samansett verk. Han daterte den vesle krosset på toppen til 1500-talet, underdelen som å ha blitt fullført på 1600-talet og dei kryssande bogane til 1700-talet.
Krona hadde ei lang historie med bruk i feiringane av den stille veka i Popayán, fram til Brorskapen for den usmitta befruktinga (La Cofradía de la Inmaculada Concepción) bad om løyve frå paven til å selja henne tidleg på 1900-talet, og dedikera pengane for henne til velgjerd. Løyvet blei gjeve i 1914, men seljarane fann ikkje ein kjøpar før i 1936, då ho blei kjøpt av eit amerikansk syndikat leidd av forretningsmannen Warren J. Piper frå Chicago. Piper sa at krona skulle brytast opp og juvelane selde kvar for seg, men dette skjedde ikkje. I staden blei ho vist fram sporadisk i dei neste tiåra, særleg i Detroit i 1937, då General Motors brukte henne ved avdukinga av dei nye Chevrolet-modellane sine. Det blei sagt at 225.000 menneske såg henne ved dette høvet, rundt 15 % av borgarane i byen. Krona blei òg vist fram på New York World's Fair i 1939 og på Royal Ontario Museum i 1959.
Krona blei ikkje selt i 1995. Etter dette moglege salet blei ho vanlegvis halden i New York. Ho blei synt fram i Indianapolis på utstillinga Sacred Spain: Art and Belief in the Spanish World, som blei halden frå oktober 2009 til januar 2010 på Indianapolis Museum of Art. I desember 2015 kunngjorde Metropolitan Museum i New York at det hadde kjøpt krona. Gjenstanden var blitt kjøpt og eksportert lovleg, men det at han blei laga i Popayán av lokalt gull og smaragdar og brukt der kontinuerleg ved religiøse høve i tre hundre år har bidrege til at Instituto Distrital de Cultura y Turismo i Colombia har foreslått at ho burde returnerast til regionen der ho har mest kulturell tyding.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Crown of the Andes» frå , den 19. september 2024.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kolombianske kunstverk Kategori:Kroner Kategori:Ting av gull Kategori:Metropolitan Museum of Art