Jean-Jacques Rousseau () var ein fransk-sveitsisk forfattar, politisk filosof og autodidakt komponist som verka i opplysningstida. Han fekk stor innverknad på politikk, pedagogikk og litteratur. Rousseau hadde mykje å seie for jødane. Han bidrog til at dei ikkje vart forfølgde.
Rousseau vart fødd i Genéve, men virka mykje av livet sitt i Frankrike.
Rousseau var ein av dei fyrste som formulerte folkesuverenitetsprinsippet, og fekk stor innverknad på politisk filosofi gjennom verket Du contrat social (samfunnskontrakta). Verket kom til å ha avgjerande tyding for den amerikanske sjølvstendeerklæringa, Den norske grunnlova og særleg for den franske revolusjon, som braut ut 11 år etter at Rousseau døydde.
Hans syn på barnet og barndommen (jf. Émile ou De l'éducation, 1762) har fått enorme følger i ettertida, for barneoppseding og verdsetjing av barndommen. Hans udogmatiske religiøse syn, basert på hans inderlege og grensesprengjande kjensle for naturen og samanheng i altet, har og fått uoverskueleg tyding i etterkant av hans død.
I Discours sur les sciences et les arts meinte Rousseau at mennesket er medfødd godt.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Franske forfattarar Kategori:Franske komponistar Kategori:Franske filosofar Kategori:Bidragsytarar til Encyclopédie