Nancy Louise Huston () er ein fransk forfattar av kanadisk opphav, fødd i Calgary og seinare busett i Paris. Ho skriv hovudsakleg på fransk og set om sine eigne verk til engelsk.
Huston skriv bøkene sine på fransk sjølv om ho ikkje lærte seg fransk før ho flytta til Paris. Sidan 1980 har Huston gjeve ut over nitten sakprosa- og skjønnlitterære bøker inkludert dei tre engelske versjonane av egne publiserte franske verk. Av romanane hennar har berre Histoire d'Omaya (1985) og Trois fois septembre (1989) ikkje blitt gjevne ut på engelsk.
Den fyrste romanen hennar, Les variations Goldberg (1981), blei løna med Prix Contrepoint. Ho omsette denne romanen til engelsk som The Goldberg Variations (1996).
Den neste store prisen hennar kom i 1993, då ho fekk Governor General's Awards for Cantique des Plaines. Prisen til Huston forårsaka ein del diskusjon blant litterære i Quebec, då forfattaren ikkje var fransk-kanadisk. I tillegg kom romanen fyrst ut på engelsk og deretter på fransk, og den engelske versjonen av romanen var aldri nominert til den engelskspråklege kategorien av prisen.
Prisar og utmerkingar
Governor General's Awards 1993 for Cantique des plaines Prix Femina 2006
Verk Romanar
1981: Les Variations Goldberg, Seuil ; rééd. Actes Sud Inspiré du roman, publication en 2000 de Pérégrinations Goldberg, avec l'auteure, Freddy Eichelberger (clavecin) et Michel Godard (serpent), Livre et CD, Naïve Records 1985: Histoire d'Omaya, Seuil ; rééd. Actes Sud 1989: Trois fois septembre, Seuil ; rééd. Actes Sud 1993: Cantique des plaines, Actes Sud 1994: La Virevolte, Actes Sud ; rééd. J'ai lu 1996: Instruments des ténèbres, Actes Sud ; rééd. poche 1998: L'Empreinte de l'ange, Actes Sud 1999: Prodige, Actes Sud 2001: Dolce agonia, Actes Sud 2003: Une adoration, Actes Sud 2006: Lignes de faille, Actes Sud ; rééd. poche 2008: L'Espèce fabulatrice, Actes Sud 2010: Infrarouge, Actes Sud 2013: Danse noire, Actes Sud 2014: Bad Girl, Actes Sud 2016: Le Club des miracles relatifs, Actes Sud 2018: Lèvres de pierre, Actes Sud 2019: Rien d'autre que cette félicité, Leméac/Éditions Parole 2021: Arbre de l'oubli, Actes Sud 2024: Francia, Actes Sud
Anna 2011: Démons quotidiens, avec Ralph Petty, L'Iconoclaste 2014: Bad Girl. Classes de littérature, Actes Sud 2017: Sensations fortes, Actes Sud 2023: Choses dites, L'Iconoclaste. Diktsamling
Teaterstykke
2002: Angela et Marina: tragicomédie musicale, en collaboration avec Valérie Grail, Actes Sud-Papiers 2008: Mascarade, avec Sacha Huston, Actes Sud junior - théâtre jeunesse 2009: Jocaste reine, Actes Sud 2011: Klatch avant le ciel, Actes Sud 2023: En fleur et en os, Aethalidès
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Nancy Huston» frå , den 8. september 2024.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Engelskspråklege forfattarar Kategori:Franskspråklege forfattarar Kategori:Kanadiske forfattarar Kategori:Folk frå Calgary Kategori:Forfattarar frå 1900-talet Kategori:Forfattarar frå 2000-talet