Øyvind Mund (fødd 1965) er ein norsk programleiar i TV 2.
Han har vore programleiar i serien Gylne tider. For innsatsen sin i programmet blei han kåra til beste mannlege programleiar under Gullruten 2004 og nominert i same klasse under Gullruten 2011.
I 2018 leia han TV 2-programmet Samme tid neste år, og blei nominert til Gullruten 2018 i klassen beste mannlege programleiar.
Han slutta i TV 2 i juni 2024, etter 30 år ved kanalen, som del av ein sparepakke.
Program
Landskampen, sesong 1, 2019 Samme tid neste år, 2018 Sommer i Dyreparken, 2016 (medprogramleiar) Alle tiders måltid, 2016 (voice over, programleiar) God sommer Norge, 2015 (programleiar) The Voice, 2012-2021 (programleiar) Ønskedrømmen, 2011 (programleiar) Gylne tider, 2002-06 (programleiar, idé, regi, manus) Alle mot én, 2006, 2007 (programleiar) Artistgallaen, 2006 (programleiar) Astronautene, 2002 (programleiar) Tid for reise, 2001 (programleiar) Bykampen, 1999 og 2000 (programleiar) Det er sommer det er sol og det er torsdag, 1997 (programleiar) God morgen, Norge, 1994-1999 (programleiar)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Øyvind Mund» frå , den 1. september 2024.
Kategori:Norske programleiarar Kategori:Vinnarar av Gullruten for beste programleiar