Hella-Nordeide var eit vinterhalvårleg ferjesamband mellom Hella i dåverande Leikanger kommune og Nordeide i Høyanger kommune. Sambandet tok over for Grinde-Vangsnes-Balestrand-Nordeide i 1957 då nye Hella ferjekai erstatta gamle Grinde ferjekai, og systersambandet Vangsnes-Hella-Dragsvik-Balestrand tok seg av triangeltrafikken innanfor Balestrandsektoren.

I 1970 opna samanhengande veg vestover langsmed Sognefjorden frå Balestrand til Lånefjorden, og ny Kongsnes ferjekai. Med dette vart Hella-Nordeide erstatta av det nye, heilårlege ferjesambandet Kongsnes-Nordeide.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Kristin Ese: «Leikanger-Hella og Vetlefjord-Dragsvik» på nettstaden til Fylkesarkivet i Vestland

Kategori:Tidlegare ferjesamband i Vestland Kategori:Samferdsle i Høyanger Kategori:Samferdsle i Sogndal Kategori:Skipingar i 1957 Kategori:Nedleggingar i 1970