Njuup er ein musikktradisjon frå sererfolket med røter i ndut-riten, ein innviingsrite som sererungdommar må gå gjennom ein gong i livet ifølgje serer-religionen.The Culture trip : "Youssou N'Dour: An Unlikely Politician" (vitja 28. juni 2012)
Historie Njuup-songane har religiøs natur.Gravrand, Henry Le Ndut dans « L'héritage spirituel sereer : valuer traditionnelle d'hier, d'aujourd'hui et de demain » , Éthiopiques nr. 31 I stor delar av historia si blei njuup berre brukt i samband med ndut-ritualet. Njuup kjem frå den eldre ndut-stilen av lærdom. Unge sererguttar i ndut skulle laga religiøse melodiar under overgangsriten for å ta tankane sine vekk frå overgangsopplevinga, utvikla die estetiske evnene sine og forsterka åndeleigheta si. Tilbedinga av pangool, åndene til forfedrar og helgengar, påvirka ndut-songane, inkludert njuup.
Moderne senegambiske kunstnarar som synger den reinaste forma av njuup på serer er mellom anna Rémi Jegaan Dioh Ferloo "Rémi Jegaan Dioh : Sur un air culturel et cultuel " (vitja 28. juni 2012)All Africa "Sénégal: Rémi Diégane Dioh présente samedi son CD dédié à Senghor" og Yandé Codou Sène.All Africa "Sénégal: Commémoration du dixième anniversaire du décès de Senghor – Les héritiers de Yandé Codou Sène et de Julien Jouga assurent les partitions"
Njuup er ein forløpar for musikksjangeren mbalax. Mbalax-musikken oppstod då prominente senegalesiske kunstnarar, som Youssou N'Dour, byrja å inkludera njuup i verka sine. Alle mbalax-artistar er sterkt påverka av njuup-tradisjonen. Senegalesiske artistar som spesialiserer seg på mbalax er mellom anna Mbaye Dieye Faye, Youssou N'Dour og Thione Seck.The Culture trip : "Youssou N'Dour: An Unlikely Politician" (vitja 28. juni 2012)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Njuup» frå , den 20. august 2024.
Bakgrunnsstoff
Dione, Salif, "L’appel du Ndut ou l’initiation des garçons seereer", Dakar, Institut Fondamental d'Afrique Noire / Enda-Editions(2004) Gravrand, Henry, "La civilisation sereer : Pangool", vol.2, Les Nouvelles Editions Africaines du Sénégal, (1990), Faye, Louis Diène, "Mort et Naissance Le Monde Sereer", Les Nouvelles Edition Africaines (1983), Kategori:Musikk i antikken Kategori:Religiøs musikk Kategori:Gambisk musikk Kategori:Sererkultur