Grinde-Balestrand-Nordeide var eit ferjesamband mellom Grinde ved Leikanger i dåverande Leikanger kommune, Balestrand i dåverande Balestrand kommune, og Nordeide i Høyanger kommune. Sambandet vart til i 1938 då Lærdal-Vadheim vart delt opp som ein konsekvens av vegbygginga langs Sognefjorden På denne tida opna vegen over Gaularfjellet, og ferjesambandet gjekk som eit vinterhalvårleg samband i tida Gaularfjellvegen var vinterstengd. Leikanger kai vart ofte brukt når vegen til Grinde var uframkomeleg eller kaia skadd av uvêr. Sambandet gjekk òg ofte til industribygda Høyanger.

Vangsnes ferjekai i Vik kommune fekk ferjelem i 1945 og vart eit fast stopp på sambandet som no vart kjend som Grinde-Vangsnes-Balestrand-Grinde. I 1956 opna veg frå Grinde til ny ferjekai på Hella, og året etterpå fekk sambandet den nye forma Hella-Nordeide.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Kristin Ese: «Dei første ferjesambanda i Sogn» på nettstaden til Fylkesarkivet i Vestland Kristin Ese: «Leikanger-Hella og Vetlefjord-Dragsvik» på nettstaden til Fylkesarkivet i Vestland Finn Borgen Førsund: «Dampen og kaia : stoppestader for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-1998» på nettstaden til Nasjonalbiblioteket

Sjå òg Grinde-Balestrand-Vetlefjorden

Kategori:Tidlegare ferjesamband i Vestland Kategori:Samferdsle i Høyanger Kategori:Samferdsle i Sogndal Kategori:Skipingar i 1938 Kategori:Nedleggingar i 1957