Florence Ada Fuller () var ein sørafrikansk-fødd australsk kunstnar. Fuller var fødd i Port Elizabeth og flytta som barn til Melbourne med familien. Der trente ho saman med onkelen Robert Hawker Dowling og læraren Jane Sutherland og hadde timar ved National Gallery of Victoria Art School. Ho blei profesjonell kunstnar på slutten av 1880-talet. I 1892 forlet ho Australia, og reiste først til Sør-Afrika, der ho møtte og male for Cecil Rhodes, og deretter til Europa. Ho budde og studerte der dei neste ti åra, bortsett frå at ho kom tilbake til Sør-Afrika i 1899 for å male eit portrett av Rhodes. Mellom 1895 og 1904 blei verka hennar stilte ut ved Parissalongen og Royal Academy i London.
I 1904 vendte Fuller tilbake til Australia og slo seg ned i Perth, der ho var aktiv i Theosophical Society. På denne tida målte ho nokre av dei mest kjende verka sine, inkludert A Golden Hour, som National Gallery of Australia skildra som eit «meisterverk» då det kjøpte måleriet i 2013. Frå 1908 reiste Fuller mykje, og budde i India og England før ho til slutt slo seg ned i Sydney. Der var ho den første læraren i aktstudiar ved School of Fine and Applied Arts, som blei danna i 1920 av New South Wales Society of Women Painters. Ho døydde i 1946.
Fuller hadde høgt ry som portrett- og landskapsmålar i løpet av den aktive karrieren sin, og i 1914 var ho representert i fire offentlege galleri - tre i Australia og eit i Sør-Afrika - ein rekord for ein kvinneleg australsk målar på denne tida. I 1927 byrja ho ein periode på nesten tjue år som innsett i eit psykiatrisk asyl, og ho døydde utan at det blei merka. Etter at ho døydde blei informasjon om henne ofte teken ut frå referanseverk om australske målar, og kunnskapen om arbeidet hennar blei gløymd, sjølv om måleria hennar var del av offentlege kunstsamlingar som Art Gallery of South Australia, Art Gallery of Western Australia, National Gallery of Australia, National Gallery of Victoria, Art Gallery New South Wales og National Portrait Gallery i Australia.
Bakgrunn og karriere Florence Fuller var fødd i Port Elizabeth i Sør-Afrika i 1867 som dotter av Louisa og John Hobson Fuller. Ho hadde fleire sysken, inkludert systrene Amy og Christie, som begge etterkvart blei songarar.
Familien flytta til Australia då Florence var eitt år gamal. Ho arbeidde som guvernante medan ho studerte kunst, fyrst med timar ved National Gallery of Victoria Art School i 1883, og så igjen med ein lengre studieperiode i 1888. I denne perioden var ho student av Jane Sutherland, som i Australian Dictionary of Biography blir omtalt som «den leiande kvinnelege kunstnaren i gruppa av Melbourne-målarane som braut med 1800-talstradisjonen med atelierkunst ved å skissera og måla direkte frå naturen».
Mora til Fuller var svigerinne av Robert Hawker Dowling, som måla orientalistiske og aboriginske motiv, i tillegg til portrett og miniatyrar. Han var fødd i England, men hadde vokse opp i Tasmania og livnært seg som portrettmålar før han vende tilbake til England i trettiårsalderen. I dei neste to tiåra blei verka hans ofte viste ved Royal Academy. Han vendt tilbake til Australia i 1885, og Fuller blei eleven hans. Dette året, då ho var atten, fekk Fuller ei tinging frå Anne Fraser Bon, ein filantrop og støttespelar for aboriginarfolk i Victoria. Tingingar var for Barak–last chief of the Yarra Yarra Tribe of Aborigines, eit formelt portrett i olje på kanvas av wurundjeri-leiaren William Barak. Dette måleriet blei seinare kjøpt av State Library of Victoria. Sjølv om måleriet er eit viktig verk som ofte blir brukt til å illustrera denne viktige figuren i australsk historie, er tolkingar av portrettet til Fuller blandea: ein kritikar merka objektiviteten og at det unngjekk romantisering av aboriginarar, medan ein annan konkluderte med at «Fuller målar eit ideal snarare enn ein person.» mini|Weary, 1888 I 1886 vende Dowling tilbake til England. Fuller slutta som guvernante og byrja å måla på heiltid. Ho hadde opna sitt eige atelier før ho var tjue år. Dowling hadde tenkt å venda tilbake til Australia, og hadde etterlate ein ufullført portrett av kona til guvernøren av Victoria, lady Loch. Dette kunne ikkje skje sidan han døydde kort tid etter at han kom heim til England. Fuller fullførte oppdraget, og lady Loch blei mesenen hennar. Andre tidlege portrett følgde: to bilde av heimlause born, med tittelen Weary (inspirert av Henry Wadsworth Longfellow sitt dikt om barnearbeid, «Weariness») og Desolate, i 1888; og Gently Reproachful rundt 1889. Weary blei kjøpt av Art Gallery of New South Wales i 2015. Kuratoren for australsk kunst ved galleriet skildra bruken av reklameplakatar i måleriet som å gje det «ei kjensle av hardkokt realisme som til då kunne seiast å vera utan forbilde i australsk kunst».
I 1889 fekk Fuller også ein pris frå Victorian Artists Society for beste portrett av ein artist på under 25 år.
I august 1891 hadde ho eit atelier i heimen sin i Pine Grove i Malvern i Melbourne.
Europa og Sør-Afrika alt=oil on canvas painting of a young woman in late Victorian dress, sitting in a chair by a fireplace, reading a book|venstre|mini|Inseparables, circa 1900 I 1892 reiste Fuller til Kapp det gode håp «for å koma seg». Biografen hennar Joan Kerr fortel ikkje kva sjukdom eller skade ho hadde. Ho budde hjå onkelen sin sir Thomas Ekins Fuller, som var medlem av Parlamentet i Kapp det godte håp, og gjennom han møtte ho Cecil Rhodes. Rhodes var statsminister for kolonien, og gav henne i oppdrag å måle eit landskapsbilde som viste heimen hans. To år seinare reiste ho til England og Frankrike, der ho blei verande i ti år. På 1890-talet pleidde australske kunstnarar som studerte i utlandet heller å dra til Paris enn London, og Fuller var ikkje noko unntak. Andre australiarar som studerte i Frankrike på denne tida var Agnes Goodsir, Margaret Preston, James Quinn og Hugh Ramsay. Fuller studerte fyrst ved Académie Julian, der lærarane hennar inkluderte William-Adolphe Bouguereau, og seinare med Raphaël Collin, som ho var atelierleiar for. Mange av dei franske kunstskolane hadde berre nyleg opna dørene sine for kvinner, og dei som var ved Académie Julian opplevde fattige, tronge kår og forakt frå dei (hovudsakleg mannlege) lærarane. Til trass for dette utvikla Fuller evnene sine, og samtidige kritikarar kommenterte positivt påverknaden frå dei franske studiane.
Under tida si i Europa hadde Fuller stor suksess. Etter at eit pastellportrett ho hadde laga blei akseptert av Parissalongen i 1895, blei to av måleria hennar vist der i 1896. Dei blei følgde av eit anna, La Glaneuse, i 1897, og same året fekk ho òg eit verk akseptert av Royal Academy i London. Ho stilte også ut mange andre stader: Royal Institute of Oil Painters og Manchester Art Gallery i England, og i Victoria Artists Society og New South Wales Society of Artists, og ved Jane Sutherland sitt atelier i Melbourne. Ved 50-årsjubileet av grunnlegginga av Bendigo var måleriet hennar Landscape ein del av den tilhøyrande utstillinga. Ho var ikkje i Europa heile denne tida; i 1899 drog ho tilbake til Sør-Afrika for å måla Cecil Rhodes, grunnleggjaren av Rhodesia. Ei kjelde antyder at ho enda opp med å laga fem portrett av han. Ein seinare avisrapport sa òg at Fuller reiste og laga skisser i Wales, Irland og Italia.
I Europa måla Fuller Inseparables, som framstiller ei jente som sit og les ei bok. Det blei kjøpt av Art Gallery of South Australia. Då National Gallery of Australia synte fram bildet som del av utstillinga The Edwardians, blei det skildra som eit verk som viser kjærleik til lesing. Kunsthistorikaren Catherine Speck såg på verket som subversivt sidan det skildrar ei ung jente som tek til seg kunnskap. I november 1902 blei den australske føderale internasjonale utstillinga halden i heile Royal Exhibition Building i Melbourne. Ho var dominert av ei kunstutstilling av både australsk og internasjonal kunst. I denne omfattande framsyninga av måleri var det med seks verk av Fuller.
Perth mini|A Golden Hour, 1905 alt=oil painting of a young woman in Edwardian dress, seated and facing the viewer|høgre|mini|Portrait of Deborah Vernon Hackett, circa 1908 Fuller fekk vidare anerkjenning då eit av måleria henne, Summer Breezes, blei stilt ut ved Royal Academy i 1904. Andre australske kunstnarar som blei synte fram inkluderte Rupert Bunny, E. Phillips Fox, Albert Fullwood, George Lambert og Arthur Streeton. Fuller var den einaste kvinnelege målaren som var representert. Ein kritikar som skreiv i The West Australian, sa:The work ... is essentially Australian in almost every detail. Standing in a sunlit Australian paddock, a lithesome Australian blonde holds her summer hat on against the rude caresses of an Australian breeze—a subject simple but grand in its simplicity ... Next to its suggestion of breezy sunshine and the incidental portrayal of willowy grace the picture is to be admired for its colour scheme ... The details of the picture disclose untiring care.
Teosofi og seinare karriere Biografen Joan Kerr har spekulart i at det kan ha vore Jane Sutherland som introduserte Fuller til teosofi, ein åndeleg og mystisk filosofi om eining i tilværet som legg vekt på søking etter universell visdom. Retninga hadde innverknad på heile livet til Fuller. Ho var ein av mange australske kunstnarar som blei teosofar, som Violet Teague, Vida Lahey og Ethel Carrick. Fuller blei del av teosofisamfunnet i Perth den 29. mai 1905, etter å ha høyrt den karismatisk teosofen Charles Webster Leadbeater under forelesingsturen sin. Bessie Rischbieth var ein feminist som kom med på same tid, og saman påverka dei utviklinga av rørsla i Perth i byrjinga av 1900-talet. Fuller var i ulike høve sekretær, kasserar og bibliotekar i den lokale avdelinga til Theosophical Society. Fuller hadde eit atelier i Perth, fyrst på St Georges Terrace og seinare i lokala til The West Australian, og selskapet brukte desse til møta sine.
I 1906 var Fuller sitt portrett av feministen og teosofen Annie Besant eit av måleria som blei stilt ut ved den årlege utstillinga til West Australian Art Society. Omtrent på same tida laga ho andre portrett av dei fremste figurane i rørsla, blant dei Henry Steel Olcott og Helena Petrovna Blavatsky. Desse representasjonane avveik frå den akademiske portrettstilen som Fuller var trent i, ettersom ho også nytta intuisjon og visualisering «inspirert av indisk estetikk som delt av det teosofiske samfunnet».
I 1907 blei Besant leiar for det teosofiske samfunnet globalt, og engasjerte seg i ei stor utbygging av hovudkvarteret til organisasjonen i Adyar i India, i det som då var Madras. Då det blei kunngjort at Besant skulle ha ein fprelesingsturné i Australia i 1908, blei ho forventa å bu hjå Fuller medan ho var i Perth. Nokre månader seinare, i 1908, forlet Fuller Vest-Australia og drog til India, der ho budde i Adyar. Fuller skreiv om tida i India:
I went in search not only of beauty, and light, and colour, and the picturesqueness in general, which delight the eye and emotions of all artists—but of something deeper—something less easily expressed. I spent two and a half years in a community that is quite unique—perhaps the most cosmopolitan settlement in the world—the headquarters of the Theosophical Society ... Well, I painted there, of course, but my art was undergoing a change, and I felt that it could not satisfy me unless it became so much greater.
Leadbeater kom til Adyar på rundt same tid som Fuller, og kort tid etter «oppdaga» han personen han trudde kom til å bli ein global lærar og talar, Jiddu Krishnamurti,som då var i tenåra. Leadbetter og andre gav Krishnamurti opplæring i ulike emne. Fuller kan ha lært han å fotografera. Ho fekk òg eit lite atelier bygd i området, og måla der. Verka hennar frå denne perioden inkluderer eit portrett av Leadbeater og Portrait of the Lord Buddha.