Mary Ruefle () er ein amerikansk poet, essayist og professor. Ho har gjeve ut mange diktsamlingar, den nyaste av dei, Dunce (Wave Books, 2019), vart nominert til National Book Award in Poetry og var finalist til Pulitzerprisen i poesi i 2020. Ruefle si første prosasamling, The Most Of It, kom ut i 2008, og hennar samla førelesingar, Madness, Rack, and Honey, i 2012 – begge gjevne ut av Wave Books.Mary Ruefle official website, featuring erasure work, maryruefle.com; accessed 15. desember 2015. Ho har òg gjeve ut ei bok med viskingar (erasure poetry), A Little White Shadow (2006).
Ruefle har vore breitt publisert i tidsskrift og magasin som The American Poetry Review,The American Poetry Review>July/Aug 2002 Vol. 31/No. 4 , aprweb.org; accessed 15. desember 2015. Verse Daily, The Believer, The Believer, Harper’s Magazine, og The Kenyon Review,Mary Ruefle: A Custom of Mourning (Spring 2009 • Vol. XXXI • No 2), kenyonreview.org; accessed 15. desember 2015. samt i antologiar som Best American Poetry, Great American Prose Poems (2003), American Alphabets: 25 Contemporary Poets (2006) og The Next American Essay (2002).
Bakgrunn Dotter av ein militæroffiser, Ruefle vart fødd i McKeesport, Pennsylvania, i 1952, men tilbrakte barndomen sin med å reise rundt i USA og Europa. Ho vart uteksaminert frå Bennington College i 1974 med ein grad i litteratur. Ho underviser ved Vermont College of Fine Arts. I 2011 var ho Bedell Distinguished Visiting Professor ved Nonfiction Writing Program ved University of Iowa. I 2019 vart ho utnemnd til poet laureate (offisiell statspoet) for delstaten Vermont.
Bibliografi Poesi 1982 Memling's Veil (University of Alabama Press) 1987 Life Without Speaking (University of Alabama Press) 1989 The Adamant (Carnegie Mellon University Press) 1999 Post Meridian (Carnegie Mellon University Press) 2001 Cold Pluto (Carnegie Mellon University Press, 1996; Classic Contemporary version 2001) 2002 Among the Musk Ox People (Carnegie Mellon University Press) 2002 Apparition Hill (CavanKerry Press) 2004 Tristimania (Carnegie Mellon University Press) 2007 Indeed I Was Pleased with the World (Carnegie Mellon University Press) 2011 Selected Poems, 2010 (William Carlos Williams Award) 2013 Trances of the Blast (Wave Books) 2019 Dunce (Wave Books) Prosasamlingar 2008 The Most of It (Wave Books) 2016 My Private Property (Wave Books) 2023 The Book (Wave Books) Sakprosa 2012 Madness, Rack, and Honey Collected Lectures (Wave Books) Anna 1982 Memling's Veil (University of Alabama Press) 1987 Life Without Speaking (University of Alabama Press) 1989 The Adamant (Carnegie Mellon University Press) 1999 Post Meridian (Carnegie Mellon University Press) 2001 Cold Pluto (Carnegie Mellon University Press, 1996; Classic Contemporary version 2001) 2002 Among the Musk Ox People (Carnegie Mellon University Press) 2002 Apparition Hill (CavanKerry Press) 2004 Tristimania (Carnegie Mellon University Press) 2007 Indeed I Was Pleased with the World (Carnegie Mellon University Press) 2011 Selected Poems, 2010 (William Carlos Williams Award) 2013 Trances of the Blast (Wave Books) 2019 Dunce (Wave Books) Til norsk 2023 - Fjomp (Samlaget, gjendikting av Martin Ingebrigtsen) 2024 - "Poesi og månen" (essay i Syn og segn 1/24, omsetjing av Gunstein Bakke) 2024 - "Minne om juletreet mitt" i Juleroser (omsetjing av David Aasen) 2024 - Alltid klar for ein sump (antologi på Slow Fire Press, redigert av David Aasen)
Prisar og utmerkingar 1984: National Endowment for the Arts-stipend. 1995: Whiting Award.Profile, The Whiting Foundation website; accessed 15. desember 2015. 1998: Award in Literature frå American Academy of Arts and Letters. 1999: Opphald ved The Frost Place. 2002: Guggenheim Fellowship i poesi. 2007: Opphald ved Lannan Foundation.Lannan Foundation: Past Residents , lannan.org; accessed 15. desember 2015. 2011: William Carlos Williams Award for Selected Poems. 2012: Finalist til National Book Critics Circle Award i kritikk for Madness, Rack, and Honey. 2014: Robert Creeley Award. 2020: Finalist til Pulitzerprisen i poesi.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Om Fjomp: Klassekampen, Morgenbladet. Om Alltid klar for ein sump: Klassekampen, Krabben. Mary Ruefle på Poetry Foundation
Kategori:USA-amerikanske forfattarar