Maluku er ein provins aust i Indonesia som omfattar dei sentrale og sørlege regionane av Molukkane (Malukuøyane). Den største byen og hovudstaden i provinsen er Ambon på den vesle øya Ambon. Provinsen grensar til Nord-Maluku, Sørvest-Papua og Vest-Papua i nord, Sentral-Sulawesi og Søraust-Sulawesi i vest, Bandahavet, Australia, Aust-Timor og Aust-Nusa Tenggara i sør og Arafurahavet, Sentral-Papua og Sør-Papua i aust. Provinsen har eit areal på 57803,81 km2. Det totale folketalet ved folketeljinga i 2010 var 1 533 506,Biro Pusat Statistik, Jakarta, 2011. eit tal som hadde stige til 1 848 923 ved folketeljinga i 2020.Badan Pusat Statistik, Jakarta, 2021. Det offisielle estimatet ved midten av 2023 var 1 908 753.Badan Pusat Statistik, Jakarta, 2023, Provinsi Maluku Dalam Angka 2023 (Katalog-BPS 1102001.81)

Alle Maluku-øyane var del av ein provins frå 1950 til 1999. I 1999 blei den nordlege delen av Maluku skild ut for å danna ein eigen provins, Nord-Maluku (Maluku Utara), skild frå den attverande (Sør-)Malukuprovinsen av Seramhavet.

Maluku har to hovudreligionar, islam som ved folketeljinga i 2020 blei følgd av 52,85 % av folkesetnaden i provinsen, og kristendom, med 46,3 % følgjarar (39,4 % protestantar og 7,0 % katolikkar).

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Maluku (province)» frå , den 20. juni 2024.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Molukkane Kategori:Provinsar i Indonesia