thumb|Berliner currywurst Currywurst er ei steikt eller fritert kokepølse eller som vanlegvis blir servert oppskoren og med ein saus av ketsjup eller tomatpuré og i tillegg karripulver. Den litt mer raffinerte varianten kjem med ein pikant saus laga på ingrediensar som ketsjup, løk, honning, kraft, , eddik, sterk sennep og krydder som spisskum og kajennepepper, i tillegg til karri. Anna tilbehøyr er rundstykke eller pommes frites. Currywursten blir rekna å ha opphav i Berlin, men har spreidd seg til store delar av Tyskland.

Historie thumb|Minnetavle over Herta Heuwer, som i 1949 byrja å lage og selje currywurst i Berlin. blir rekna som oppfinnaren av currywursten, etter at ho klarte å skaffe seg ketsjup, eller moglegvis worcestershiresaus, frå britiske soldatar i Tyskland. Ho blanda desse ingrediensane med andre krydder og helte blandinga over grilla svinepølser. Heuwer byrja å selje den billege, men mettande snacksen på ein matkiosk i Charlottenburg-distriktet i Berlin, der han blei ein populær rett blant bygningsarbeidarane som attoppreiste den øydelagde byen.

I 1951 tok Heuwer patent på sausen sin under namnet «Chillup». På sitt høgdepunkt selde matbuan 10 000 porsjonar med currywurst per veke. Ho opna seinare ein liten restaurant som var i drift fram til 1974. Den 30. juni 2013 blei 100-årsdagen til Heuwer feira med ein Google Doodle.

I dag blir currywurst ofte seld som take away-mat, «Schnellimbisse» (snøggmat), på spisestader, på barnemenyar på restaurantar, eller som gatemat, og blir vanlegvis servert med pommes frites eller rundstykke (). Retten er populær over heile Tyskland, men spesielt i storbyområda Berlin, Hamburg og Ruhrområdet. Det finst betydeleg variasjon, både i type pølse som blir brukt og ingrediensane i sausen, mellom desse områda.

Vanlege variantar inkluderer tilsetjing av paprika eller hakka lauk. Halal-matbuer tilreier ofte currywurst med pølse av storfe. Ofte blir currywurst seld i matbuer, nokre gongar ved hjelp av ein spesiell maskin for å skjere currywursten i bitar, og blir servert på ein papirtallerken med en liten tre- eller plastgaffel, for det meste ein currywurstgaffel. Det blir også seld som eit hylleprodukt på supermarknader til å tilreie heime.

Deutsches Currywurst Museum anslo at det blir etter 800 millionar currywurstar i Tyskland kvart år, med 70 millionar i Berlin åleine. Volkswagen-fabrikken i Wolfsburg driv sitt eige slakteri som produserer rundt 7 millionar Volkswagen-currywurstar per år, og der mesteparten av dei går til å servere Volkswagen-tilsette.

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Currywurst» frå , den 14. juni 2024.

Kategori:Tysk mat Kategori:Pølseretter