Erik Sverre Stai () var ein høgdehoppar frå Oslo. Han var medlem i IF Vestheim.

Stai var noregsmeister i høgdehopp 1938 og 1939. Under EM i friidrett 1938 i Paris vart han femtemann med eit hopp på 1,90 meter. 1. september 1940 sette han norsk rekord på Bislett stadion då han som fyrste nordmann svinga seg over 2,00 meter. Han runda 30 år då idrettstevlingane kom i gong att etter verdskrigen var over, dermed enda han opp med ein bronsemedalje i NM 1947 og sølvmedalje i NM 1950.

Kjelder friidrett.no Nationen 2. september 1940 World Athletics

Kategori:Norske høgdehopparar Kategori:Noregsmeistrar i friidrett