Vladimir Nicolae Voronin () er ein moldovsk politikar og var president i Moldova frå 7. april 2001 til 11. september 2009. Han var fødd i landsbyen Corjova i Transnistria-regionen.

Voronin leiar Partidul Comuniştilor din Republica Moldova (Republikken Moldovas kommunistparti). Han vart vald til president av parlamentet 7. april 2001. I mars 2005, etter at kommunistpartiet hadde fått 46,0 % av røystene i parlamentsvalet, vart han gjenvald som president av parlamentet. Parlamentsvalet i 2009 førte til ein usikker politisk situasjon i landet, då verken kommunistpartiet eller opposisjonen fekk nok stemmer til å få vald kandidaten sin som president. Dette førte mellom anna til demonstrasjonar og opptøyar i hovudstaden. Voronin gjekk av 11. september 2009 i påvente av nye val.

Kategori:Moldovske presidentar Kategori:Kommunistiske politikarar