Family Guy er ein animasjonsserie frå USA skapt av Seth MacFarlane for Fox Broadcasting Company i 1999. Første sesongen av han vart vist på norsk TV2. No går serien på Viasat 4 i Noreg.

Serien handlar om Griffin-familien, der Brian er den alkoholiserte snakkande hunden, Meg er den vennelause dottera i huset, Stewie er eit morderisk spedborn med planar om verdsherredøme og Peter er familieforsørgjaren. Serien er kjend for grov språkbruk, referansar til sex og lange sekvensar med avhopp frå handlinga.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Teiknefilmseriar Kategori:USA-amerikanske fjernsynsseriar Kategori:Fjernsynsseriar frå 1990-åra Kategori:Fjernsynsseriar frå 2000-åra Kategori:Fjernsynsseriar frå 2010-åra Kategori:TV-program på Fox Broadcasting Company