Versailles er eit område vest for Paris sentrum i Frankrike. Versailles er ein forstad til Paris, men har status som by. Versailles er kjend for Slottet i Versailles (fransk Château de Versailles). Slottet eller palasset vert ofte berre kalla Versailles. Slottet vart mykje nytta av kongane av Frankrike. I periodar på 1600 og 1700-talet, i tida som vert kalla ancien régime, var Versailles i røynda hovudstad i Frankrike. Hoffet og dei øvste styresmaktene heldt til i området.
Versailles er administrasjonsstad (Préfecture- prefektur) for det franske departementet Yvelines. Departementet ligg i den franske regionen Île-de-France.
Kjende utdanningsinstitusjonar Université de Versailles Saint-Quentin-en-Yvelines
Sjå òg Versaillestraktaten - fredsavtala frå 1919 som førte til den offisielle slutten på første verdskrigen
Bakgrunnsstoff
City council website Bilete av Slottet i Versailles Turistattraksjonar i Versailles
Kategori:Byar i Frankrike * Kategori:Byar i Île-de-France Kategori:Yvelines