«La forza» (italiensk uttale: [la ˈfɔrtsa]; norsk omsetjing: ’styrken‘ eller ’krafta‘) er ein song frå 2018 med . Songen vann den estiske songtevlinga og var det estiske bidrag til Eurovision Song Contest 2018 i Lisboa.
Om sangen «La forza» er skriven av Ksenia Kuchukova, Mihkel Mattisen, og Timo Vendt. Mattisen skreiv det estiske Eurovision-bidraget «Et uus saaks alguse» i 2013, mens Vendt gjorde det same i 2014, då han skreiv «Amazing».
«La forza» var eitt av 20 bidrag i den estiske songtevlinga , arrangert av kringkastaren (ERR). «La forza» kvalifiserte seg frå semifinalen 10. februar og vann seinare finalen 3. mars 2018 i Saku Suurhall i Tallinn. Gjennom sigeren blei «La forza» det estiske bidraget til Eurovison Song Contest.
Eurovision Song Contest I januar 2018 blei Estland trekt til å delta i den fyrste semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen blei arrangert i i Portugal tysdag 8. mai, og Estland hadde startnummer 9. «La forza» blei blant dei ti beste i semifinalen og kvalifiserte seg dimed til finalen laurdag 12. mai. I finalen blei songen nummer 8 av 26 bidrag.
Listeplasseringar Liste (2018) Høgasteplassering (IFPI) 19 Nasjonal (IFPI) 1
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «La forza» frå , den 28. april 2024.
Kategori:Estiske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2018-songar Kategori:Italienskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Songar skrivne av Timo Vendt