Aleksandr Arkadjevitsj Tutsjkin () er ein tidlegare handballspelar frå Minsk som 1986–91 representerte Sovjetunionen, 1992–95 Belarus og 1999–2004 Russland. Han vart olympisk meister 1988 og på ny i 2000. 2,03 meter høge Tutsjkin var høgre rykkromspelar og kjend for sine harde skot.
Karriere Klubbspel Tutsjkin var aktiv på SKA Minsk frå 1984 til -90, ein lag som i hans tid sigra i fire europeiske klubbturneringar. Deretter spelte han på tyske lag i over 10 år. Fyrst gjorde han teneste i TUSEM Essen til 1998, så var han to sesongar i GHW Minden. Etter nokre månader hos Eintracht Hildesheim, flytta han i desember 2000 til spanske Cantabria. Sidan spelte han 2002-04 for greske Fílippos Véria. Frå 2004 til han la opp i 2006 var han etter tur innom Hannover-Burgdorf og Wilhelmshaven.
Landslagsspel Tutsjkin vart olympisk meister 1988 for Sovjetunionen. Både i 1990 og 1999 tok han del då det vart tap mot Sverige i finalar i verdsmeisterskap, i begge kampane var han laget sin toppskårar. Det var han også då Russland vann OL-finalen 2000 i Sydney, også då stod det svenske laget på motsett banehalvdel. Han deltok også i Sommar-OL 2004 i Aten, der det vart bronse på det russiske mannskapet. Tutsjkin fekk 160 landskampar for Sovjetunionen, 10 for Belarus og 92 for Russland.
Merittar Sommar-OL 1988: Gullmedalje, 32-25 over Sør-Korea VM 1990: Sølvmedalje, 23-27 mot Sverige VM 1999: Sølvmedalje, 24-25 mot Sverige EM 2000: Sølvmedalje, 31-32 mot Sverige Sommar-OL 2000: Gullmedalje, 28-26 mot Sverige Sommar-OL 2004: Bronsemedalje, 28-26 mot Ungarn Vinnar av EHF-meisterligaen: 1987, 1989 og 1990 for SKA Minsk Vinnar av EHF-cupvinnarcupen: 1988 for SKA Minsk Vinnar av EHF-europaserien: 1994 for TUSEM Essen Sovjetisk seriemeister: 1985, 1986, 1988 og 1989 for SKA Minsk Tysk pokalvinnar: 1991 og 1992 for TUSEM Essen Gresk seriemeister: 2003 for Fílippos Véria Gresk cupmeister: 2003 for Fílippos Véria
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Alexander Arkadjewitsch Tutschkin» frå , den 18. april 2024.
Kategori:Sovjetiske handballspelarar Kategori:Russiske handballspelarar Kategori:Verdsmeistrar i handball Kategori:Olympiske medaljevinnarar i handball Kategori:Olympiske meistrar for Sovjetunionen Kategori:Olympiske meistrar for Russland Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Russland Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2000 Kategori:Russiske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2000 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2004 Kategori:Russiske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2004