Marie de France var ein franskfødd diktar som budde i England på siste delen av 1100-talet. Ein veit lite om livet hennar, og det har versert mange teoriar som prøver å knyta henne til kjende historiske skikkelsar. Ho skreiv på eit kontinentalt gammalfransk, men mange av avskriftene som eksisterer av verka hennar er gjort av anglo-normanniske skrivarar, og har derfor anglonormanniske trekk.

Det mest kjende verket hennar er dei tolv versnovellene ho skreiv i åra 1155-1170 under sjangernemninga «lais», ein sjanger som ho sjølv skapte. Forteljingane er tileigna kong Henrik II av England. I prologen fortel ho at ho eigentleg hadde tenkt å overføra historier frå latin til «romansk», altså å skriva antikke romanar. Men ettersom slike forteljingar no var blitt så vanlege, valde ho å heller laga rima forteljingar av keltiske songar og melodiar, som ho kalla «lais».

Dei fleste av dei 12 forteljingane hennar har handlinga lagt til Bretagne. Alle handlar om kjærleik, og komposisjonane følgjer eit fast grunnskjema. Etter ei innleiande lykke blir dei to elskande utsett for prøvingar og ulukker, og det endar anten godt ved at trufast kjærleik får påskjønninga si, eller ulukke grunna mangel på uthald.

Kring 1180 skreiv Marie ei samling på 102 fablar, Ysopet. Denne bygger på ei eldre angelsaksisk fabelsamling, men dei tillagde moralane er av Marie. Ho er også rekna som forfattar av legenda St. Patriks lidingar (St. Patrick's Purgatory) og helgenvitaen St. Audreys liv (La Vie seinte Audree).

Dei 12 lais

Guigemar Equitan Le Fresne («Asketreet») Bisclavret («Varulven») Lanval Les Deux Amanz («Dei to elskande») Yonec Laüstic («Nattergalen») Milun Chaitivel Chevrefoil («Kaprifolium») Eliduc

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Marie de France» frå , den 10. april 2024.

Litteratur

Blain, Virginia, et al. (1990): «Marie de France» i: The Feminist Companion to Literature in English, Yale UP, s. 714 Howard, Bloch, R. (2003.): The Anonymous Marie de France. Chicago: U. of Chicago Press. Burgess, Glyn Sheridan, & Busby, Keith (1986): The Lais of Marie de France. Oversettelse til moderne engelsk prosa med innledning. Penguin Books Limited. Burgess, Glyn Sheridan (1987): The Lais of Marie de France: text and context. Manchester UP. . Kategori:Døde på 1100-talet Kategori:Fødde på 1100-talet Kategori:Franske diktarar Kategori:Franske forfattarar Kategori:Kvinner frå 1100-talet