Mette Abildgaard Juulsager () er ein dansk politikar for Det Konservative Folkeparti. Ho har vore vald til Folketinget frå Nordsjællands storkrins sidan 2015. Ho har vore både formann og politisk ordførar for den konservative folketingsgruppa.
Liv og virke Abildgaard vaks opp i landsbyen Føvling i dåverande Holsted kommune. Faren var lastebilsjåfør, og mora arbeidde på ein eldreheim. Ho tok studentereksamen ved Tørring Gymnasium i 2007 og kandidatutdanning (med graden cand.scient.soc.) i offentleg administrasjon og kommunikasjon ved Roskilde Universitet i 2013. Ho har sidan budd i København-området. Ho har vore kommunikasjonsrådgjevar for Betty Nansen Teatret og for IT-selskapet Solution Team.
Abildgaard melde seg inn i Konservativ Ungdom som 14-åring. I perioden mellom 2009 og 2014 var ho 2. vara til dei konservative til Europaparlamentet. Abildgaard blei vald inn i regionrådet for Region Hovedstaden i 2014, og blei formann for den konservative gruppa, formann i kreftutvalet og medlem av helseutvalet og psykiatriutvalet. Ho blei styremedlem i Patienterstatningen og Professionshøjskolen Metropol i tillegg til medlem av helseutvalet i Danske Regioner. I 2015 blei Abildgaard vald til Folketinget frå Nordsjællands storkrins med 3 207 personlege røyster, etter å ha vore 1. vara i perioden 2011–2015.
Abildgaard har vore spesielt engasjert i kreftsaka. Ho har vore friviljug kampanjeleiar i Kræftens Bekæmpelse.
Privatliv I 2016 gifta Abildgaard seg med journalisten Jens Jacob Juulsager. Dei bur i København.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mette Abildgaard» frå , den 24. mars 2024.
Kategori:Folketingsmedlemmar frå Det Konservative Folkeparti Kategori:Elevar ved Roskilde Universitet Kategori:Folk frå Vejen