Dame Marcella Althea Liburd () er ein sanktkittisk politikar som 1. februar 2023 blei utnemnd til den femte generalguvernøren i øystaten Saint Kitts og Nevis. Ho har tidlegare vore parlamentspresident («speaker»), ho har innehatt fleire ministerpostar og vore fungerande statsminister og var opposisjonsleiar for Saint Kitts and Nevis Labour Party i ein periode då dette partiet ikkje hadde regjeringsmakt.
Stillinga til generalguvernøren Saint Kitts og Nevis er eit konstitusjonelt monarki og statsoverhovudet er den britiske monarken, frå 2022 er det kong Charles III. Generalguvernøren blir utnemnd av monarken for eit tidsrom slått fast av monarken. Ordninga er nedfelt i Grunnloven for Saint Kitts og Nevis frå 1983, Kapittel III, punkt 21.
Biografi thumb|Liburd (til venstre) i samtale med kong Charles III på Buckingham Palace i mai 2023.
Liburd er fødd 10. juli 1953 i Basseterre, hovudstaden i Saint Kitts og Nevis. Ho har bachelorgrad i juss frå Norman Manley Law School og var advokatfullmektig og advokat i høgsterett før ho byrja sin politiske karriere. Ho ble sekretær i Saint Kitts and Nevis Labour Party i 1997. I 2004 blei ho den fyrste kvinnelege parlamentspresidenten i den saintkittiske nasjonalforsamlinga. Ho gjekk av i 2008 for å stille som kandidat ved valet. Ho har blant anna arbeidd med lovverk om vald i nære relasjonar og om likeløn.
I 2013 blei Liburd som fyrste kvinne vald inn i styret for Saint Kitts and Nevis Labour Party. I 2015 tapte partiet hennar regjeringsmakta etter 20 samanhengjande år med fleirtal, og Liburd måtte ta plass i opposisjonen. Ho blei nestleiar i partiet i 2018.
I 2022 blei Liburd utnemnd til mellombels generalguvernør. Frå 1. februar 2023 har ho vore generalguvernør. Same veke blei ho tildelt den kvinnelege storkrossen av Sankt Mikaels og Sankt Georgs orden (Dame Grand Cross of the Order of St Michael and St George).
Merknadar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Marcella Liburd» frå , den 23. mars 2024.
Kategori:Sanktkittiske politikarar Kategori:Sanktkittiske generalguvenørar Kategori:Folk frå Basseterre Kategori:Første kvinnelege stats- og regjeringsleiarar