mini|Frå venstre til høgre: Austerrikes utanriksminister Karin Kneissl, Tyrkias utanriksminister Mevlüt Çavuşoğlu, Liechtensteins utanriksminister Aurelia Frick, Noregs utanriksminister Ine Eriksen Søreide og Andorras utanriksminister Maria Ubach Font under ministerrådsmøtet til OSSE i Milano 6. desember 2018 Aurelia Cäcilia Katharina Frick () er ein liechtensteinsk politikar som frå 2009 til 2019 var utanriksminister i Liechtenstein.
Liv og virke Frick er dotter av ein kjøpmann.«Frick, Aurelia», Historisches Lexikon des Fürstentums Liechtenstein. Lest 22. desember 2018.
Frick gjekk på Liechtensteinisches Gymnasium i Vaduz før ho utdanna seg til jurist i Sveits. Ho studerte frå 1995 juss ved Universität Freiburg og avslutta i 1999 med lisensiatgrad.Regierungsrätin «Dr. Aurelia Frick» , Regierung des Fürstentums Liechtenstein. Lest 22. desember 2018. I 2004 avla ho advokateksamen i Zürich. Den juridiske doktorgraden avla ho i 2005 ved Universität Basel.
Frå 2001 arbeidde Frick i domstolsvesenet og i eit advokatfirma i Zürich, før ho frå 2005 til 2006 arbeidde i London. Deretter arbeidde ho for leiarrekrutteringsfirmaet Dr. Bjørn Johansson Associates AG i Zürich før ho i eit par år arbeidde som sjølvstendig næringslivskonsulent. Frå 2008 til 2009 førelas ho også ved Hochschule Liechtenstein.
Frick blei i 2009 regjeringsmedlem og utanriksminister. I tillegg til utanrikssaker, har porteføljen hennar omfatta justissaker og kultur (2009–2013), undervisning og kultur (2013–2017) og frå mars 2017 igjen justissaker og kultur. I juli 2019 tapte ho eit mistillitsframlegg mot seg og gjekk av som utanriksminister.
Frick er medlem av Fortschrittliche Bürgerpartei (FBP), der ho frå 2009 sat i presidiumet til partiet.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Aurelia Frick» frå , den 12. mars 2024.
Kategori:Liechtensteinske politikarar Kategori:Liechtensteinske utanriksministrar Kategori:Liechtensteinske justisministrar Kategori:Liechtensteinske kulturministrar Kategori:Liechtensteinske utdanningsministrar