Ida Margrethe Meier Auken () er ein dansk politikar for Socialdemokratiet. Ho har vore vald til Folketinget frå Københavns storkrins sidan 2007. Auken blei i 2011 miljøvernminister for Socialistisk Folkeparti i den fyrste regjeringa til Helle Thorning-Schmidt. Då Auken fråtredde i 2014, melde ho overgang til Radikale Venstre. I 2021 gjekk ho til Socialdemokratiet.
Liv og virke Auken er dotter av presten, europaparlamentsmedlemmen og den tidlegare folketingsmedlemmen Margrete Auken og professor emeritus i litteraturhistorie Erik Aksel Nielsen. Den tidlegare miljøvernministeren og formannen i Socialdemokratiet, no avdøde Svend Auken, var morbroren hennar.
Auken har teologisk embetseksamen frå Københavns Universitet frå 2006. Etter studia hadde ho praksis som sjukehusprest ved Rigshospitalet i København og som fengselsprest. Dei teologiske interessene hennar dreier seg om forholdet mellom religion og politikk. Ho har vore ekstern lektor ved Københavns Universitet og undervist ved Folkeuniversitetet i København. Før ho blei vald til Folketinget, arbeidde ho som redaktør i forlaget Alfa, som gjev ut teologisk litteratur.
Auken blei nominert til Folketinget frå Esbjerg krins til folketingsvalet i 2005, men blei ikkje vald. Ho har vore vald til Folketinget frå Københavns storkrins sidan 2007. Ho var miljøpolitisk talskvinne i Socialistisk Folkeparti i fleire år, leia det miljøpolitiske utvalet i partiet 2005–2007, og sat i energiutvalet og kulturutvalet til Folketinget 2007–2011. Etter at Socialistisk Folkeparti gjekk ut av regjeringa i januar 2014, melde dei avtroppande ministrane Auken og Astrid Krag overgang til høvesvise Radikale Venstre og Socialdemokraterne. Auken er sidan attvald til Folketinget.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ida Auken» frå , den 11. mars 2024.
Kategori:Danske lutherske prestar Kategori:Danske miljøvernministrar Kategori:Socialistisk Folkeparti-ministrar Kategori:Folketingsmedlemmar frå Radikale Venstre Kategori:Folketingsmedlemmar frå Socialistisk Folkeparti Kategori:Folketingsmedlemmar frå Socialdemokratiet Kategori:Elevar ved Københavns Universitet Kategori:Folk frå København