Kirsten Clausen () er ein norsk advokat, høgrepolitikar og feminist frå Stavanger.

Liv og virke Clausen var elev ved Kongsgård skole i Stavanger.Stavanger Aftenblad: «Dusavik-jente som politifullmektig ved Sunnmøre Politimesterembede», 11. januar 1971 s. 6. Ho blei utdanna cand.jur. ved Universitetet i Oslo i 1970 og var deretter politifullmektig på Sunnmøre og dommarfullmektig i Ryfylke 1971–1973, den siste tida som konstituert sorenskrivar. Ho fekk advokatløyve i 1973 og har drive eiga advokatforretning i Stavanger sidan 1975. Ho var ein av dei fyrste kvinnelege advokatane i Rogaland, og fekk tilnamnet «Kirsten Skillekniv» på grunn av arbeidet sitt med familierett.

Clausen har vore aktivt politisk engasjert i Høgre og Norsk Kvinnesaksforening sidan 1960- og 1970-åra, og har hatt ei rekkje styreverv og offentlege verv. Ho har representert Høgre i kommunestyret i Randaberg i fleire tiår sidan 1988, er mangeårig gruppeleiar for Høgre i kommunestyret i periodane 2001–2007 og 2011–2019, har vore ordførarkandidaten til partiet i 1991 og 2003«Vil ha sprit på bensinstasjon», Dagsavisen, 11. september 2003«Fortsetter ordfører-Tom?», Aftenbladet, 13. september 2003 og er også leiar i Randaberg Høyre frå 2015.Kirsten Clausen, Høyre«Dette er kommunestyret i Randaberg» Ho var stortingskandidat for Rogaland Høgre i 1992. Ho har også hatt leiarverv i kvinnerørsla til Høgre.

Clausen har også vore medlem av tilsynsråda for Stavanger krinsfengsel, Åna krinsfengsel, Sjømannskontoret i Stavanger og helsevernet for psykisk utviklingshemja i Rogaland.Forvaltningsdatabasen

Bibliografi Kirsten Clausen, Med Sokrates i Rogaland: akademi på rogalandsk i 50 år, Rogaland akademi, 2005, ISBN 8281400161

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kirsten Clausen» frå , den 8. mars 2024.

Kategori:Norske advokatar Kategori:Norske politikarar Kategori:Medlemmar av Norsk Kvinnesaksforening Kategori:Høgre-politikarar i Rogaland Kategori:Folk frå Stavanger