Al Pouessi, døypt Marthe Adélaïde Modeste Testas og ålmenn kjend under namnet Modeste Testas (1765-1870) var ei etiopisk kvinne som blei fanga og gjord til slave, kjøpt i Vest-Afrika av kjøpmenn frå Bordeaux og seld til ein slaveplantasje på Hispaniola i Karibia. Ho blei seinare frigjord. Ein av etterkommarane henner er ein tidlegare president for Haiti, François Denys Légitime.
Liv og virke Modeste Testas blei fødd med namnet Al Pouessi, etter forteljingane i Etiopia i Aust-Afrika. Ho blei fanga i eit raid i ein alder av fjorten år etter ein strid med ein annan stamme, og blei transportert til Vest-Afrika der ho blei seld. Ho blei kjøpt mellom 1778 og 1781 av Pierre og François Testas, som var kjøpmenn og slavehandlarar frå Bordeaux og eigarar av ein sukkerplantasje på øya Hispaniola.Testas-brørne er omtalt i bind 3 av boken La part Française de l'Isle de Saint-Domingue af Médéric Louis Élie Moreau de Saint-Méry. p. 1552.
Ho kom til Bordeaux, der ho blei døypt av brørne Testas i 1781 og som gav ho namnet Marthe Adelaïde Modeste Testas. Same år ble ho transportert med François Testas til plantasjen deira på Hispaniola. Ho fekk to barn med eigaren sin. Som slave kunne ho ikkje gje samtykke, og omstenda ved forholdet deira er ukjend.
I 1795 flytta François Testas frå Haiti (vestre del av Hispaniola) til New York. Han tok med seg slave-tenestefolka sine, blant dei Modeste Testas og Joseph Lespérance. Etter å ha flytta til Baltimore døydde François i Philadelphia. I testamentet sitt frigjorde han dei slavane han eigde. For Testas var eit av vilkåra for frigjevinga hennar at ho skulle gifte seg med Lespérance.
Paret vende tilbake til Hispaniola der Modeste Testas arva land. Ho og Lespérance fekk fleire barn. thumb|Bilethoggaren Woodly Caymitte ved sin statue av Modeste Testas. Modeste Testas døydde i 1870 i ein alder av 105 år på eigedommen sin i nærleiken av byen Jérémie.
Ettermæle Eit av barnebarna til Modeste Testas, François Denys Légitime, som var son av Tinette Lespérance, blei president i Haiti frå 1888 til 1889.
Den 10. mai 2019 blei ein bronsestatue av Testas, laga av den haitiske skulptøren Woodly Caymitte, avduka i Bordeaux. Statuen er 1,7 m høg og er plassert i Bordeaux ved breidda av floden Garonne, der skip løp ut og over Atlanterhavet.
Den 13. september 2021 blei statuen av Testas funnen med kvit maling helt over. Motivet blei antatt å vere knytta til rase (rasisme). Rådmann Stephane Gomot uttalte at om ein kan stadfeste at rasisme var motivet, ville det bety eit «meget ofseleg åtak på alt kva denne statuen representerer», herunder «minnet om menneske som blei deportert av slavehandlarar».
Litteratur Lorraine Manuel Steed: Modeste Testas: Sur les traces de mon ancêtre esclave africaine à Saint-Domingue au XVIIIe siècle, ISBN 978-99970-974-7-7, Haiti 2021
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Modeste Testas» frå , den 7. mars 2024.
Kategori:Slavar Kategori:Etiopiarar Kategori:Haitiarar