Sverre Fehn () er ein av dei internasjonalt mest kjende arkitektane frå Noreg.
mini|venstre|Norsk bremuseum i Fjærland, Sognefjord. mini|høgre|Colosseum kino i Oslo. Totalskadd i brann 15. februar 1963. Arkitekt for ombygginga: Sverre Fehn. mini|venstre|Hedmarksmuseet, 1963. mini|Bøler bibliotek Fehn voks opp i Kongsberg, og blei utdanna arkitekt ved Statens arkitektkurs i Oslo i 1949 og blei tidleg prega av læraren sin, Arne Korsmo. I 1952/53 heldt han til i Marokko, og året etter studerte han hos den franske arkitekten Jean Prouvé i Paris. Der blei han også kjend med Le Corbusier sine arbeid. I 1952 danna han og Arne Korsmo saman med sju andre unge arkitektar gruppa PAGON, som gjekk inn for ny, modernistisk arkitektur. Gjennombrotet sitt fekk Sverre Fehn saman med Geir Grung i 1955 med det modernistiske Økern aldershjem. Fehn har drive arkitektpraksis i Oslo og var professor ved Arkitekthøgskolen frå 1971 til han gjekk av med pensjon i 1995.
Prisar og utmerkingar
Sverre Fehn har fått både norske og utanlandske prisar.
I 1994 vart han utnemnd som kommandør av St. Olavs Orden 1997 The Pritzker Architecture Prize 1997 Heinrich-Tessenow-medaljen i gull I 1998 vart han tildelt Norsk kulturråds ærespris I 2001 fekk han den norske Groschmedaljen I 2003 fekk han Anders Jahres kulturpris saman med Kjetil Trædahl Thorsen. Fehn var æresmedlem av det norske, finske, skotske, britiske og amerikanske arkitektforbundet.
Kjende verk Økern aldershjem (1955, saman med Geir Grung) Den norske paviljongen til Verdsutstillinga i Brussel (1958) Den nordiske paviljongen i Biennaleparken i Venezia Hedmarksmuseet på Domkirkeodden ved Hamar Norsk bremuseum i Fjærland (1991) Aukrustsenteret i Alvdal (1996) Ivar Aasen-tunet i Ørsta (2000) Norsk museum for fotografi i Horten (2001)
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske arkitektar Kategori:Folk frå Kongsberg Kategori:Vinnarar av Norsk kulturråds ærespris Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Houens fonds diplom Kategori:Betongtavlen Kategori:Medlemmar av det kongelege svenske kunstakademiet