Dagmar Loe () var ein norsk journalist kjend frå åra sine i NRK. Loe medverka til å utvikle forbrukarjournalistikken og den kritiske, gravande journalistikken i norsk fjernsyn.

Liv og virke Familie Dagmar Scheflo blei fødd 19. januar 1923 i ein familie som var politisk aktiv på venstresida. Ho vaks opp i Oslo, Kristiansand og Lillehammer som dotter av redaktøren og politikaren Olav Scheflo (1883–1943) og Dagmar Kjølsrud (1886–1968). Ho var syster av redaktør Inge Scheflo (1915–1978)Desse dødsåra er henta frå gravferdsetaten i Oslo sine nedteikningar. og var frå 1951 gift med journalisten og utanriksredaktøren i Arbeiderbladet Erik Loe (1920–2013).

Trotskij og verdskrigen I 1936 møtte Loe Lev Trotskij i Randesund under eksilopphaldet hans i Noreg. Faren Olav Scheflo hadde arbeida for å skaffe Trotskij asyl i Noreg, og Trotskij ferierte sommaren 1936 utanfor Kristiansand på invitasjon frå Scheflo.«Da Trotskij ferierte på Sørlandet» i Fædrelandsvennen 17. september 2011.«Da Trotskij ferierte på Sørlandet» i Fædrelandsvennen 17. september 2011. Etter den tyske invasjonen av Noreg i april 1940 flykta familien Scheflo nordover saman med blant andre Sigrid Undset og Fredrik Paasche med familie. Frå Rana reiste følgjet inn i Sverige 8. mai via Umbukta. Undset var ikkje kledd for å ta seg over fjellet på snøføre og ho var tungfør og ikkje sprek. Med hjelp av seks norske menn frå området blei Scheflo (som var invalidisert av leddgikt) og Undset trekte på slede over grensa. Etter 14 timar til fots kom dei til ei brakke med vegarbeidarar på svensk side. Unge Dagmar likte den storslåtte Undset som «var veldig varm, og samtidig veldig barsk». Olav Scheflo blei lagd inn på Karolinska med støtte av Undset.Strøksnes, Morten: Sol og stål. Dag og Tid, 15. mai 2020.

Karriere

Loe byrja yrkeskarrieren sin etter 1945 i Arbeidernes Pressekontor og deretter (frå 1951) i biletbladet Aktuell og Forbrukerrapporten (frå 1961) og medverka der å utvikle forbrukarjournalistikken. Ho arbeidde til dels som frilansar. I 1963 hadde ho flere kåseri i NRK-radio, og frå 1968 arbeidde ho i NRK Dagsrevyen som ein av dei fyrste kvinnelege reportarane. Seinare gjekk ho til sosialavdelinga i NRK, og i 1990 leia ho Sosialkanalen.

I 1977 medverka Loe i utvalet som leverte NOU 1977: 52 Informasjonstjenesten i Forsvaret; utvalet blei leia av Johan Jørgen Holst. Ho var medlem av Statens tobakksskaderåd 1974–1976 (vara i føregåande periode).

Frå tidleg på 1980-talet laga Loe fleire djuptpløyande dokumentarprogram, blant anna om abort, incest, likestilling, barnearbeid og våpenproduksjon.101 års omtale i Aftenposten 19. januar 2024 Ho blei tildelt Narvesenprisen i 1988 for seriøs, djuptpløyande og informativ journalistikk.Bjørn Brøymer, Alltid prestasjonsangst! i Aftenpostens morgenutgave den 20. mars 1989. I 1993 fekk ho Fritt Ords honnør for dristig, undersøkjande journalistikk og usjølviske arbeidsmetodar. Arbeidet til Loe blei kritisert frå talarstolen på Stortinget.Honnør til Loe i Aftenposten den 7. desember 1993.

I 2011 blei biografien Dagmar Loe. Reporter, skriven av Sidsel Meyer, gjeven ut.Dagmar Loe. Reporter , invitasjon til boklansering.

Bibliografi

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Dagmar Loe» frå , den 5. mars 2024.

Litteratur Sidsel Meyer: Dagmar Loe. Reporter, Happy Jam Factory, 2011.

Kategori:Norske journalistar Kategori:NRK-journalistar Kategori:Programleiarar for NRK Kategori:Norske hundreåringar