Blanka Stajkow () er ein polsk songar og modell. Ho representerte Polen i Eurovision Song Contest 2023 med songen «Solo».

Bakgrunn Stajkow blei fødd i Szczecin av ei polsk mor og ein bulgarsk far. Ifølgje Stajkow hadde ingen av foreldra noko form for musikalsk bakgrunn, men mora oppfordra ho til å drive med musikk og dans. Som trettenåring laga ho sin fyrste singel, «Strong Enough».

I 2021 deltok Stajkow i det polske realityshowet Top Model, og undervegs i programmet gav ho ut sin fyrste offisielle singel, «Better». Året etter signerte ho kontrakt med Warner Music Poland og gav ut sin andre singel, «Solo». Med denne singelen melde ho seg på den polske uttakinga til Eurovision Song Contest 2023, . Under finalen 26. februar vann ho tevlinga etter å ha vore favoritt hos fagjuryen og nummer to i telefonavrøystinga. Gjennom sigeren fekk ho representere Polen i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool. Der enda ho på ein 19. plass i finalen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Blanka Stajkow» frå , den 2. mars 2024.

Kategori:Polske songarar Kategori:Polske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Polske Eurovision Song Contest-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2023-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2023-låtskrivarar Kategori:Folk frå Szczecin