mini|Hamiltonbygningen. mini|Hjørne på Hamiltonbygningen. Denver Art Museum er eit kunstmuseum i Denver i Colorado i USA. Det har over 70 000 gjenstandar i 12 ulike samlingar. Samlingane til museet omfattar ei stor samling indiansk handverk.

Denver Art Museum blei grunnlagt i 1893 i Civic Center Park i sentrum av Denver.

Det opphavlege namnet på skipinga var Denver Artists Club. Ho bytta namn til Denver Art Association i 1916. Museet fekk det noverande namnet sitt 1932. Det fekk ein egen bygning, Chappell House, gjennom ein donasjon i 1922. og kjøpte ein større eigedom, Schleir Gallery, 1948 ved sørsida av Vivic Center Park. I 1954 opna den sørlege fløya Morgan Wing, for å gje museet høve til å ta imot ein større donasjon.

I 1971 blei det opna eit stort tilbygg, den borgliknande Martin Building (tidlegare North Building), som var teikna av Gio Ponti. Vidare utbygging fann stad i 2006, dels med Frederic C. Hamilton Building teikna av av Daniel Libeskind og med Duncan Pavillion, som bind saman Morgan Wing med Hamilton Building.

Utval frå samlingane

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Denver Art Museum» frå , den 28. februar 2024.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kunstmuseum i USA Kategori:Museum i Colorado Kategori:Denver