Rasmus Olai Mortensen () var ein norsk gardbrukar og politikar for Venstre. Han var provianteringsminister 1921–1922 og sosialminister 1922–1923.
Mortensen var fødd og gjekk på skule i Bergen. Etter avslutta skulegang drog han til Spania, der han arbeidde i trevareforretning 1887–1896. Han dreiv deretter sagbruksforretning i Finland 1896–1902, og dreiv garden Nedre Bleiker i Asker frå 1902. Mortensen hadde ei rekkje offentlege og organisatoriske verv, mellom anna som nestformann i Norsk Landmandsforbund, representant i Selskabet for Norges Vel 1910–1930, styremedlem i Akershus Landhusholdningsselskap, styremedlem i Fellesslakteriet, styreformann i Landmandsposten frå 1913, og formann i Noregs Kreditforening for Land- og Skogbruk frå 1916.
Mortensen formann i Bærum og Follo Venstre ei tid, og dessutan medlem av Asker heradstyre 1907–1919 (varaordførar 1910–1916). Han var provianteringsminister 1921–1922 og sosialminister 1922–1923, begge i den andre regjeringa til Otto Blehr.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Rasmus Olai Mortensen» frå , den 26. februar 2024.
Kategori:Folk frå Bergen Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Venstrepolitikarar i Akershus Kategori:Norske statsrådar 1905-1940 Kategori:Venstrestatsrådar Kategori:Norske provianteringsministrar Kategori:Norske sosialministrar