Murphys lov er eit postulat som slår fast at «noko vil gå gale i kvar ein situasjon om det får sjansen» (things will go wrong in any given situation, if you give them a chance). Vanlegvis vert lova referert slik: «Alt som kan gå gale, går gale», eller kortare: «[Er det ikkje] typisk». «Loven» blir ofte brukt humoristisk, til dømes for å hjelpa på ein irriterande situasjon.
Det opphavlege sitatet frå den sannsynlege opphavsmannen Edward A. Murphy Jr., i 1948 skal ha vore «If there are two or more ways to do something, and one of those ways can result in a catastrophe, someone will do it».
Det finst mange situasjonar der Murphys lov kjem inn. Nokre av dei mest vanlege er: Om ein misser ei brødskiva, vil ho landa med smørsida ned. Denne påstanden er etterprøvd i fjernsynsprogrammet MythBusters ('myteknusarane'), og (delvis) underkjend. Den dagen ein gløymer paraplyen, regnar det. Datamaskinen kræsjar alltid når det er lenge sidan sist ein lagra det ein heldt på med. Køen ved sida av går alltid fortare enn den du står i.
Kategori:Folketru Kategori:Ordspråk Kategori:Humor