Da vi styrte landet er ein norsk portrettserie på seks episodar som blei vist på NRK1 hausten 2017. Serien tok for seg statsministerperiodane til seks av sju dålevande norske statsministarar: Kåre Willoch, Gro Harlem Brundtland, Thorbjørn Jagland, Kjell Magne Bondevik, Jens Stoltenberg og Erna Solberg. Dette skjedde gjennom arkivklipp, intervju og felles samtale rundt eit middagsbord. Oddvar Nordli var sjuk under innspelinga og kunne difor ikkje delta.

Serien vann prisen for «årets nyskapning» under Gullruten 2018 og var i tillegg nominert i klassene «beste dokumentarserie» og «beste regi - enkamera».

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Da vi styrte landet» frå , den 23. desember 2023.

Bakgrunnsstoff Da vi styrte landet hos NRK TV. Da vi styrte landet hos The Internet Movie Database. Da vi styrte landet hos The Movie Database.

Kategori:Norske dokumentarseriar Kategori:Fjernsynsprogram frå NRK Kategori:Norske fjernsynsseriar frå 2010-åra Kategori:Gullruten for beste TV-program