Robin Hall () var ein skotsk folkemusikksongar, best kjent som halvparten av ein songduo med Jimmie Macgregor."Robin Hall and Jimmie MacGregor MBE" , Scottish Traditional Music Hall of Fame. Hall var ein direkte etterkomar av den berømte skotske folkehelten og lovlause Rob Roy MacGregor, og av utforskaren Mungo Park."Robin Hall & Jimmie Macgregor", The Balladeers.
Liv og virke Hall var fødd i Edinburgh, men voks opp i Glasgow og fekk utdanning ved Allan Glen's School. Etter å ha studert ved Royal Scottish Academy of Music and Drama, blei han skodespelar ei kort stund.
Han danna eit musikalsk partnerskap med Jimmie Macgregor i 1960, og dei opptredde mykje på BBC fjernsyn – på Tonight-programmet, på White Heather Club,Tom Shields, "He’s set to celebrate his 80th birthday but Jimmie Macgregor is far from over the hill", The Herald, 8. mars 2010. og som vertskap for den innverknadsrike London Folk Song Cellar. I denne perioden skapte det ein del kontrovers at Hall hadde på seg eit jakkemerke for Campaign for Nuclear Disarmament på TV.
Både Hall og Macgregor spelte òg som del av Galliards i lag med Leon Rosselson og Shirley Bland på 1960-talet.
Til saman spelte Hall og Macgregor inn over 20 album i løpet av partnerskapet sitt, som enda i 1981.Craig McQueen, "Folk legend Jimmie Macgregor: I'm still going strong at 80 with no plans to retire", Daily Record, 29 November 2010. Ein av songane deira med mest suksess var fotballhymnet «Fotball Crazy», som kom ut på Decca Records i 1960.
Seinare laga Hall radioprogram for Radio Clyde.
Hall blei funnen død av politiet den 18. november 1998 i huset sitt i Queen Margaret Drive i Glasgow, der han hadde budd åleine sidan slutten av det andre ekteskapet sitt.Karl Dallas, "Obituaries: Robin Hall", The Independent, 23. november 1998."Folk singer Robin Hall found dead in his home", Herald Scotland, 19. november 1998. Han verka å ha døydd nokre dagar tidlegare.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Robin Hall» frå , den 21. desember 2023.
Bakgrunnsstoff
Karl Dallas, "Obituaries: Robin Hall", The Independent, 23. november 1998.
Kategori:Skotske folkemusikarar Kategori:Skotske songarar Kategori:Folk frå Edinburgh Kategori:Folk frå Glasgow