Dion Cuiper (), kjend under artistnamnet Dion Cooper, er ein nederlandsk songar og låtskrivar. Han deltok i den sjette sesongen av talentprogrammet The Voice of Holland i 2015, og han representerte Nederland i Eurovision Song Contest 2023 saman med Mia Nicolai og låten «Burning Daylight».

Bakgrunn Cuiper blei fødd i 1993 og vaks opp i kystbyen Wassenaar, like nord for Haag. Faren var trommeslagar i eit funkband og introduserte sonen tidleg for ulike musikksjangrar og artistar som Toto, The Police, The Beatles og Jimi Hendrix. Gjennom faren utvikla Cuiper ein stor interesse for musikk, og han byrja å spele gitar som femtenåring. Dei påfølgjande åra byrja Cuiper å skrive eigen musikk, og han starta som 18-åring å synge sjølv.

I 2015 stilte Cuiper til prøvesynging i den sjette sesongen av talentshowet The Voice of Holland på tv-kanalen RTL 4. Han gjekk vidare til hovudrunden med den nederlandsk-marokkanske rapparen Ali B som mentor, men blei slegen ut i utslagsrundane før liveshow-sendingane.

Cuiper debuterte musikalsk med EP-en Too Young too Dumb i 2021, etterfølgd av singelen «Fire» som han framførte saman med artisten Maxine. Hausten 2022 slapp han singelen «Blue Jeans», som han skreiv saman med samarbeidspartnaren og Eurovision-vinnaren Duncan Laurence. Året før hadde Cuiper vore støttemusikar då Laurence turnerte rundt i Nederland.

I november 2022 kunngjorde den nederlandske kringkastaren AVROTROS at Cooper skulle representere Nederland i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool saman med Mia Nicolai. Duoen blei slegen ut i semifinalen tysdag 9. mai 2023.

Cuiper skildrar musikkstilen sin som «klassisk rock møter songar-låtskrivar, eller Bryan Adams møter Harry Styles».

Referansar

Denne artikkelen bygger på «Dion Cooper» frå , den 7. desember 2023.

Kategori:Nederlandske songarar Kategori:Nederlandske låtskrivarar Kategori:Nederlandske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Nederlandske Eurovision Song Contest-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2023-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2023-låtskrivarar