Cordobanini er ei gruppe (stamme) av biller som høyrer til familien kortvenger. Ein kjenner berre til éin art i gruppa. Arten er funnen og skildra i Veracruz i Mexico.

Utsjånad Cordobanus mirabilis er ein liten bille (ca. 1,5 millimeter) som er avlang på form og brunleg på farge. Kroppen har spreidde, ganske lange børstehår. Hovudet er avrunda firkanta med små fasettauge, maksillarpalpene er ganske små. Pronotum er ganske stort, runda, litt breiare enn langt. Dekkvengene er jambreie, kortare enn pronotum. Flygevengene er velutvikla. Bakkroppen er jambrei. Beina er middels lange, og føtene er femledda.

Systematisk inndeling

Ordenen biller, Coleoptera Underordenen Polyphaga Overfamilien åtsel- og rovbiller, Staphylinoidea Familien kortvenger (Staphylinidae) Latreille, 1802 Underfamilien småkortvenger, Aleocharinae Fleming, 1821 Stammen Cordobanini Bernhauer, 1910 - ikkje i NoregBernhauer, M., 1910: Beitrag zur Kenntnis der Staphyliniden-Fauna von Zentralamerika. Verhandlungen der Kaiserlich-Königlichen Zoologisch-Botanischen Gesellschaft in Wien, 60(7/8): 350–393. Slekta Cordobanus Bernhauer, 1910 Cordobanus mirabilis Bernhauer, 1910

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Cordobanini» frå , den 4. desember 2023.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kortvenger Kategori:Småkortvenger Kategori:Insekt i Mexico