Himalayaskjeggfugl (Psilopogon virens) er ein asiaskjeggfugl som høyrer heime på det indiske subkontinentet og i Søraust-Asia, der han lever i skogshabitet i opp til 3000 meters høgde.
Himalayaskjeggfuglen er medlem av asiaskjeggfuglfamilien, som er ei systergruppe av alle andre skjeggfuglar i Afrika og i «den nye verda», og av tukanar, alt innanfor den biologiske ordenen spettefuglar.
Skildring
Himalayaskjeggfugl har blått hovud, stort gult nebb, brun og grønnstripet kroppsider og buk; raud undergump. Øvre rygg har ei djup brunferge, elles er fjørdrakta i stor grad i klår grønfarge. Dette er den største skjeggfuglarten med ei kroppslengd på 32–35 cm og ei vekt på 192–295 gram.
Himalayaskjeggfuglar hekkar i dei lågare til middels høgder av Himalaya, som strekkjer seg over Nord-India, Nepal og Bhutan, Bangladesh; og dessutan i delar av Søraust-Asia, så langt sør som norvestlege Thailand, nordlege Laos og Vietnam. Arten er utbreidd i store delar av sørlege og sentrale Kina, så langt aust som Hong Kong and Zhejiang.
Hekkesesongen strekker seg frå april til juli. Dei byggjer vanlegvis reir i eit holt tre. Både hannar og hoer tek seg av ungane. Kosthaldet består hovudsakleg av frukt og insekt.
Frå 2001 har Verdas naturvernunion, IUCN, kategorisert arten som livskraftig, LC, grunna det vide utbreiingsområdet.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Great barbet» frå , den 26. november 2023
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:asiaskjeggfuglfamilien