Gavin Greig () var ein skotsk folkemusikksamlar, dramatikar, romanforfattar og lærar.

Liv og virke Greig var fødd i Parkhill i Aberdeenshire. Han studerte ved Aberdeen universitet, og var prest ved Whitehill village school heilt til han døydde i 1914. Han hadde også ei folkemusikkspalte som heitte i Buchan Observer kvar veke.

Han var redaktør for den største musikksamlinga til James Scott Skinner, The Harp and Claymore Collection,Ballantyne, Pat The Harp & Claymore Collection . Vitja 26. januar 2009 og bidrog med harmoniar til Skinner sine komposisjonar.How I wish Gavin Greig to clothe that... Vitja 14. januar 2009Note from Skinner to Greig re The Valley of Silence. Vitja 14. januar 2009 Han var med på innsamlinga til The Greig-Duncan Folk Song Collection, i lag med presten J.B. Duncan (1848-1917). Eit utval frå denne samlinga av over 3 000 songar og melodiar blei gjeve ut i 1925. Det blei gjeve ut to band av samlinga i 1981-1982, men den fulle samlinga på åtte bind kom fyrst ut mellom 1981 og 2002.Olson, Ian A. The Greig-Duncan Folk Song Collection, Musical Traditions, 5. februar 2003. Vitja 26. januar 2011Purser, John The Greig-Duncan Folk Song Collection, Musical Traditions, 20. desember 2002. Vitja 11. oktober 2007

Greig var også forfattaren av skodespelet Mains Wooin på den skotske dialekten Doric, som var svært populærtBarron, Charles Doric Drama , The Elphinstone Kist. Vitja 11. oktober 2007 i Nordaust-Skottland før andre verdskrigen. Romanane hans omfattar Morrison Gray: or, Life in a Buchan Schoolhouse som var framhaldsserie i Peterhead Sentinel mellom mai 1896 og januar 1897, The Hermit o' Gight, som gjekk i Buchan Observer mellom 1898 og 1899, og den historiske romanen Logie o' Buchan, som blei gjeven ut i Aberdeen i 1899.Donaldson, William (1984), Gavin Greig and Popular Fiction in Victorian Scotland, i Parker, Geoff (red.), Cencrastus No. 18, Autumn 1984, s. 20-22,

Gavin Greig var i slekt med Robert Burns på morssida og med Edvard Grieg på farssida.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Gavin Greig» frå , den 20. november 2023.

Kategori:Skotske forfattarar Kategori:Skotske folkemusikksamlarar