mini|Bergen rådhus er oppført i naturbetong.
Naturbetong er ein metode for støyping og handsaming av betong. Naturbetong har synleg innslag av naturstein og vert brukt for å gjeva fasadar eit grovare uttrykk.
mini|venstre|Nærbilete av naturbetong på Y-blokka, kortvegg mot Akersgata.
Arkitekt Erling Viksjø og ingeniør Sverre Jystad utvikla naturbetong – som dei patenterte i 1955.Viksjø, Erling: «Det nye regjeringsbygget». Byggekunst 1-1959, s. 4-5. Ei rekkje bygg av Viksjø er vortne oppførte med naturbetong, deriblant høgblokka (1955–58) og Y-blokka (1970), Hydrobygget (1960–63), Standard Telefon og Kabelfabrik (1968) og Bergen rådhus (1971–74).
Teknikk Støypemetoden inneber å fylla forskalinga fyrst med tilslag av småstein – som regel rundslipt elvegrus – for så å fylla hulromma med sement. Etter at blandinga har storkna, vert betongfasaden sandblåst for å gjeva han eit grovare uttrykk ved at tilslaget av rundslipt elvegrus vert framheva. Til skilnad frå rein betong brukt i brutalismen i same periode, skapar naturbetong eit mykje meir variert og levande uttrykk.
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Naturbetong» frå , den 17. november 2023.
Kategori:Betong Kategori:Arkitektur